Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Berlinkonferansen: årsaker og konsekvensar

Berlinkonferansen 1884–1885 var ein sentral del av kappløpet om Afrika. Her vart kontinentet delt opp mellom dei europeiske kolonimaktene. Utforsk bakgrunnen for og konsekvensane av konferansen ved bruk av puslespelmetoden.
Fleire representantar sit ved eit stort bord, andre står og peikar på eit kart over Afrika. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal de bruke puslespelmetoden, eller jigsaw-metoden. Du kan lese om han på The Jigsaw Classroom. Heile opplegget tek cirka 90 minutt. Les artikkelen Den europeiske dominansen tek form: Berlinkonferansen før de byrjar.

Førebuingar

  • Del dykk inn i basisgrupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan de ha seks elevar på nokre av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same tema.

  • Fordel temaa nedanfor på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvart sitt tema.

Ekspert 1: Bakgrunn

Finn ut:

  • Kva visste europearane om Afrika før 1870?

  • Korleis var forholdet mellom dei europeiske stormaktene før Berlinkonferansen?

  • Otto von Bismarck og samlinga av Tyskland har ei sentral rolle før konferansen. På kva måte?

  • Kvifor var stormaktene i Europa bekymra for kong Leopold av Belgias aktivitetar rundt Kongovassdraget?

Tips:

I tillegg til læreboka kan du bruke følgjande kjelder for å finne ut meir om bakgrunnen for Berlinkonferansen:

Ekspert 2: Konferansen

Finn ut:

  • Kva statar var deltakarar på konferansen?

  • Kva motiv og mål hadde desse statane? Kva ønskte desse statane å få ut av møtet?

  • Var det nokon andre interesser eller folkegrupper som burde vore med på konferansen? Kvifor var ikkje desse med?

Tips:

I tillegg til læreboka kan du bruke følgjande kjelder for å finne ut meir om Berlinkonferansen:

Ekspert 3: Resultat

Finn ut:

  • Kva vart bestemt på konferansen? Utdjup om dette var positivt eller negativt.

  • Kven var vinnarane og kven var taparane etter konferansen? Kvifor?

Tips:

I tillegg til læreboka kan du bruke følgjande kjelder for å finne ut meir om Berlinkonferansen:

Ekspert 4: Konsekvensar

Finn ut:

  • Kva skjedde i Afrika i åra etter Berlinkonferansen?

  • Fekk Berlinkonferansen langsiktige konsekvensar for Europa og Afrika?

Tips:

I tillegg til læreboka kan du bruke følgjande kjelder for å finne ut meir om Berlinkonferansen:

Ekspert 5: Kontrafaktisk historie

Kontrafaktisk historie er forteljinga om det som ikkje skjedde.

Finn ut:

  • Kunne historia til Afrika og Europa vore annleis om det hadde vore afrikanske deltakarar på Berlinkonferansen?

  • Kva trur du ville skjedd i Afrika om Berlinkonferansen ikkje hadde funne stad?

Tips:

I tillegg til læreboka kan du bruke følgjande kjelder for å finne ut meir om Berlinkonferansen:

Individuelt arbeid

Jobb individuelt i 15–20 minutt. Fordjup deg i temaet ditt og svar på spørsmåla.

Ekspertgrupper

Sett dykk saman i ekspertgrupper og jobb saman i 10 minutt. Dei som har fordjupa seg i same tema, skal no sitje saman. Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre til å forstå, og bli einige om kva som er viktigast. Førebu dykk på korleis temaa dykkar skal presenterast for basisgruppa.

Deling og diskusjon

Sett dykk tilbake i basisgruppene, og presenter det de har funne ut for kvarandre. Presenter i rett rekkjefølgje. Kvar ekspert får 3–4 minutt til å presentere svar på spørsmåla sine.

Deretter skal de diskutere følgjande spørsmål i basisgruppa:

  1. Kva kan Berlinkonferansen fortelje oss om menneskesynet til europearane, synet på afrikanarar og på seg sjølve?

  2. Er det mogleg å forstå handlingane til europearane på Berlinkonferansen ut frå tida dei levde i?

  3. Hadde deltakarane på konferansen moglegheit til å gjere andre val?

  4. Kva avgjerd på Berlinkonferansen tenkjer de fekk størst konsekvensar for Europa og Afrika?

Samanfatt i klassen viss de får tid.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme