Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Imperialisme i Asia

Åra 1870–1914 blir kalla imperialismens tidsalder. Eit anna omgrep som ofte blir brukt om desse tiåra, er nyimperialisme. I denne oppgåva skal du utforske nærare imperialismen i Asia på 1800-talet.
Franskmennene tek Saigon, 17. februar 1859. Illustrasjonen viser franske soldatar som angrip bymuren med gevær og artilleri. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk kartet nedanfor

Kartet gir deg ei oversikt over imperium og koloniar i verda i 1914, før første verdskrigen. Klikk på boksen i høgre hjørne på kartet for å få det i fullskjerm. Deretter klikkar du på informasjonspunkta for å få ei kort oversikt over dei viktigaste kolonimaktene i Asia.

Oppgåve 1

Vi kallar ofte perioden 1870–1914 imperialismens tidsalder, eller nyimperialismen. Kva skil denne perioden frå tidlegare periodar med kolonisering?

Oppgåve 2

Jobb saman i små grupper, og vel eit område i Asia som vart kolonisert på 1800-talet. Bruk kartet ovanfor som inspirasjon. De skal så lage ein presentasjon der de svarer på følgjande spørsmål:

  1. Kvifor la kolonimakta dette landområdet under seg?

  2. Kva konsekvensar fekk koloniseringa for menneske og samfunn i det området som vart kolonisert?

Her er nokre underspørsmål som kan vere nyttig når de undersøkjer emnet:

  • Kva kolonimakt etablerte seg her? Var det fleire?

  • Kvifor var nettopp dette området interessant for kolonimakta?

  • Korleis påverka koloniseringa befolkninga og den lokale kulturen i det valde området?

  • Fekk koloniseringa nokon negative konsekvensar for kolonimakta på kort eller lang sikt? Var det nokon positive konsekvensar?

  • Når vart det valde området avkolonisert? Korleis skjedde det?

  • Korleis går det med det valde området i dag?

Relatert innhald

For å forstå kvifor imperialismen kunne skje i tidsrommet 1870–1914, er det viktig å gjere seg kjend med nokre av føresetnadene for imperialismen.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme