Dei tre punkta i dømet i arealmetoden er , B4,0,2 og C3,5,1, og linja skal gå gjennom B og C. Vi lagar ei parameterframstilling for denne linja, som vi kallar lBC.
Ein retningsvektor for linja er
BC→=3-4,5-0,1-2=-1,5,-1
Bruker vi B som fast punkt til parameterframstillinga, får vi
lBC:x=4-ty=5tz=2-t
Dette er parameterframstillinga som er brukt i dømet i skalarproduktmetoden. Det er derfor den same linja som er brukt i dei to døma. Sidan det er det same punktet A(0,7,2) vi skulle finne avstanden til, blir det den same avstanden vi kjem fram til i dei to døma.
4.2.11
Vi har gitt punkta A-3,1,0,B1,1,3 og C1,-1,2 og skal finne avstanden frå C til linja gjennom A og B.
a) Kva for ein av dei to metodane vi har kalla arealmetoden og skalarproduktmetoden, vil du velje å bruke?
Løysing
Sidan vi ikkje har gitt noka parameterframstilling for linja, kan det vere enklast å bruke arealmetoden.
b) Finn avstanden frå C til linja gjennom A og B. Løys oppgåva utan hjelpemiddel først og så med hjelpemiddel.
Løysing
Utan hjelpemiddel:
Vi set
a→=AB→=1--3,1-1,3-0=4,0,3
a→=42+02+32=16+9=25=5
b→=AC→=1--3,1-1,3-0=4,-2,2
a→×b→=[0·2--2·3,3·4-2·4,4·-2-4·0]=6,4,-8
a→×b→=62+42+-82=36+16+64=116=229
Vi får
h=a→×b→a→=2295=2529
Avstanden frå C til linja gjennom A og B er 2529.
Med hjelpemiddel:
4.2.12
Løys alle deloppgåvene utan hjelpemiddel først og så med hjelpemiddel.
Vi har gitt punkta A2,0,0,B0,4,0,C0,0,6 og D1,-2,6.
b) Finn avstanden frå B til linja gjennom C og D. Kva kan du seie om firkanten ABCD ut ifrå resultatet i a) og b)?
Løysing
Utan hjelpemiddel:
Vi set a→=CD→=1,-2,0 som i a).
b→=CB→=0-0,4-0,0-6=0,4,-6
a→×b→=[-2·-6-4·0,0·0--6·1,1·4-0·-2]=12,6,4
Dette er det same resultatet for kryssproduktet som i oppgåve a). Avstanden frå B til linja gjennom C og D er derfor den same som avstanden frå A til linja gjennom C og D, det vil seie 1455.
Linja gjennom A og B må derfor vere parallell med linja gjennom C og D. Firkanten ABCD er derfor eit trapes.
Med hjelpemiddel:
c) Vis ved å bruke vektorane AB→ og CD→ at ABCD er eit trapes.
Løysing
Utan hjelpemiddel:
Dersom linja gjennom A og B er parallell med linja gjennom C og D, må vi ha at AB→=k·CD→.
AB→=0-2,4-0,0-0=-2,4,0=-21,-2,0=-2CD→
Dei to vektorane er dermed parallelle, og ABCD er eit trapes.
Med hjelpemiddel:
Korleis veit vi eigentleg at vektorane er parallelle ut ifrå dette? Vi veit det sidan likninga har ei løysing. Dersom likninga ikkje har løysing, finst det ingen verdi for k som gjer at AB→=k·CD→, og då kan ikkje vektorane vere parallelle.
4.2.13
Løys oppgåvene utan hjelpemiddel først og så med hjelpemiddel.
Ei linje m er gitt ved parameterframstillinga
m:x=-4+2ty=1+tz=-2-2t
a) Finn avstanden frå punktet A-3,2,-1 til m.
Løysing
Utan hjelpemiddel:
Ein generell vektor mellom A og eit vilkårleg punkt P på m er
AP→=-4+2t--3,1+t-2,-2-2t--1=-1+2t,-1+t,-1-2t
For at lengda av AP→ skal bli så kort som mogleg, skal AP→ stå vinkelrett på retningsvektoren til linja, som er v→m=2,1,-2.
I linje 4 set vi opp skalarproduktet mellom AP→ og retningsvektoren for m, som vi finn ved å derivere r(t), og set det lik 0.
I linje 5 har vi brukt kommandoen "HøgreSide" for å hente inn t-verdien. På denne måten får vi eit mest mogleg automatisk oppsett som er enkelt å bruke på nytt.
b) Finn avstanden frå origo til m.
Løysing
Utan hjelpemiddel:
Ein generell vektor mellom origo og eit vilkårleg punkt P på m er det same som posisjonsvektoren til P, og vi får
OP→=-4+2t,1+t,-2-2t
Vi krev at OP→·v→m=0 er v→m er ein retningsvektor for m. Dette gir
Her har vi brukt CAS-oppsettet frå oppgåve a) på nytt. Sidan punktet er origo, treng vi strengt teke ikkje lage oss ein OP→, men kan bruke rt direkte i berekningane i linje 4 og 5.
c) Finn avstanden frå punktet B-2,2,-4 til m. Kva betyr resultatet?
Løysing
Utan hjelpemiddel:
BP→=-4+2t--2,1+t-2,-2-2t--4=-2+2t,-1+t,2-2t
Vi krev at BP→·v→m=0 der v→m er ein retningsvektor for m. Dette gir
Lengda av 0→ er 0. Avstanden mellom B og m er 0, som må bety at B ligg på linja m.
Med hjelpemiddel:
d) Finn skjeringspunktet mellom linja m og xy-planet.
Løysing
Utan hjelpemiddel:
I xy-planet er z-koordinaten lik 0. Det betyr at
z=0-2-2t=02t=-2t=-1
Skjeringspunktet mellom linja m og xy-planet blir
-4+2·-1,1+-1,0=-6,0,0
Det betyr at dette punktet òg er skjeringspunkt mellom linja og xz-planet sidan y-koordinaten òg er 0. Det betyr vidare at linja har skjeringspunktet -6,0,0 med x-aksen.
Med hjelpemiddel:
I linje 6 bruker vi kommandoen "z" for å plukke ut z-koordinaten til r(t) og set han lik 0.
e) Finn skjeringspunktet mellom linja m og yz-planet.
Løysing
Utan hjelpemiddel:
I yz-planet er x-koordinaten lik 0. Det betyr at
x=0-4+2t=02t=4t=2
Skjeringspunktet mellom linja m og yz-planet blir
0,1+2,-2-2·2=0,3,-6
Med hjelpemiddel:
4.2.14
Løys oppgåva utan hjelpemiddel.
Vi har gitt den rette linja
l:x=1-2ty=4+tz=2
a) Finn avstanden mellom linja og punktet A3,3,0.
Løysing
Ein generell vektor mellom A og eit vilkårleg punkt P på l er
AP→=1-2t-3,4+t-3,2-0=-2-2t,t+1,2
For at lengda av AP→ skal bli så kort som mogleg, skal AP→ stå vinkelrett på retningsvektoren til linja, som er v→l=-2,1,0.
Sidan AP→ berre har éin koordinat som er forskjellig frå 0, får vi at AP→=2.
Avstanden frå punktet A til linja l er 2.
b) Finn skjeringspunktet mellom l og xz-planet dersom det eksisterer.
Løysing
I xz-planet er y=0. Skjeringspunktet mellom linja og xz-planet må derfor ha y-koordinaten 0.
y=04+t=0t=-4
Skjeringspunktet er
1-2·-4,0,2=9,0,2
c) Finn skjeringspunktet mellom l og xy-planet dersom det eksisterer.
Løysing
I xy-planet er z=0. Sidan z-koordinaten i parameterframstillinga til linja l er konstant lik 2, har ikkje linja noko skjeringspunkt med xy-planet.
d) Kva betyr det at z-koordinaten i parameterframstillinga til l ikkje inneheld parameteren t?
Forklaring
Når z-koordinaten ikkje inneheld parameteren, vil avstanden frå xy-planet vere konstant lik z-koordinaten. Det betyr at linja er parallell med xy-planet.
e) Vis ved å setje t=-1 i parameterframstillinga for l at avstanden frå punktet A til linja l er 2.
Løysing
Ved å setje t=-1 får vi punktet
1-2·-1,4+-1,2=3,3,2
A har dei same koordinatane bortsett frå z-koordinaten. Det betyr at avstanden mellom A og punktet er lik forskjellen i z-koordinat, det vil seie 2. Litt upresist kan vi seie at punktet A ligg rett under punktet 3,2,2 på linja.
4.2.15
Vi har gitt den rette linja l ved
l:x=2+ty=3-tz=s+2t
Bestem s slik at avstanden mellom punktet A1,2,0 og linja er 3. Løys oppgåva utan hjelpemiddel først, deretter med hjelpemiddel.
Løysing
Ein generell vektor mellom A og eit vilkårleg punkt P på l er
AP→=2+t-1,3-t-2,s+2t-0=t+1,-t+1,s+2t
For at lengda av AP→ skal bli så kort som mogleg, skal AP→ stå vinkelrett på retningsvektoren til linja, som er v→l=1,-1,2.