Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Sy vottar med samisk inspirasjon

Her viser vi steg for steg korleis du kan sy samiskinspirerte vottar i tekstil.
Fotomontasje av fem bilete som viser korleis ein syr vottar med samisk inspirasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Utstyrsliste

Du treng følgjande utstyr:

  • ytterstoff (i denne oppskrifta er det brukt eit vove ullstoff som er lett tova, men du kan også bruke andre materiale)

  • fôrstoff (i denne skildringa er det brukt eit fast bomullsstoff)

  • ullstoff eller anna materiale til dekorasjon

  • stoffsaks og papirsaks til å klippe ut mønster

  • måleband og linjal

  • skreddarkrit

  • sytråd som passar med fargane du har valt til stoffa og dekorasjonen

  • fingerbjørg

  • polyestertråd eller annan sterk sytråd (i denne oppskrifta er det brukt ein vaksen polyestertråd)

  • synål

  • symaskin

I skildringa vart det brukt omtrent 30 x 85 cm stoff. Er det fleire som skal sy i same type stoff, kan de prøve å plassere fleire delar utover slik at de får utnytta stoffet best mogleg.

Fotografi av fingerbjørg, måleband, stoff, trådsneller, nåler, sprettekniv, skreddarkrit og saks.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Om mønsteret

Mønsteret som ligg ved, er til ei damehand. Du kan endre mønsteret som du sjølv ønskjer, i lengda og breidda. Hugs å forlengje mønsteret tilsvarande på alle delane.

Mønsteret består av tre delar: Del A er overdelen, del B og C er innsida av votten. Del B og C skal syast saman først. Del B har ein litt større tommel enn del C. Tommeldelen skal rynkast mot den tilsvarande på del C. Del A er også litt større enn dei to andre delane, og han skal også rynkast litt.

Rynkene skal plasserast slik at votten får ei god passform og sit godt i handa. Du kan til dømes plassere rynkene der handa og tommelen bøyer seg naturleg.

Om du ønskjer å sy ein vott utan rynker, kan du leggje mønstera oppå kvarandre. Då ser du kor mykje du må ta bort for å gjere del A og B litt mindre.

På mønstera er det nokre markeringar. Markeringane på tuppen av tommelen skal møte kvarandre når du syr del B og C saman. Markeringane på toppen av handflata skal også møte kvarandre når du syr del A saman med del B og C. Alle delane har eit punkt som er markert med eit kryss. Desse punkta skal også møte kvarandre når du syr. Det er viktig at du markerer alle punkta frå mønsteret over på stoffet.

Fotografi av tre mønsterdelar i papir som ligg på eit grått stoff.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Del 1: Klipp ut delane til vottane

Når du klipper eller skjer ut delane til eit produkt i tekstil, må du tenkje på at du skal utnytte materialet på best mogleg måte. 

Først plasserer du mønsteret på stoffet. Hugs å plassere mønsterdelane i samsvar med trådretninga. Bruk skreddarkrit til å teikne rundt alle mønsterdelane før du klipper ut delane. Bla i presentasjonen under for å følgje dei ulike stega i klippeprosessen.

Del 2: Sy saman votten for hand

Mellomlegg er vanleg innan mange typar duodji. Når du har mellomlegg i saumen, vil han bli stødigare og halde lenger. I presentasjonen under viser vi syprosessen trinn for trinn.

Relatert innhald

Del 3: Sy fôret

Du kan sy fôret med symaskin. Bla i presentasjonen under for å følgje dei ulike stega i syprosessen.

Relatert innhald

Del 4: Lag dekor

Duodjiprodukt blir ofte dekorerte med tekstilar i ulike fargar. Fargane i dekoren blir som regel tilpassa fargen på materialet. Grunnfargen til dekoren er gjerne raud, kombinert med grønt, gult/kvitt eller blått. Andre fargar blir også brukte, ofte i kombinasjon med primærfargane og grønt. I dekor på tradisjonell duodji blir det sjeldan kombinert fargar som gir lite kontrast, som til dømes blått og grønt ved sida av kvarandre.

Kanting og mellomlegg i saumen er ein del av dekoren. Kantinga står ofte i kontrast til fargen på grunnmaterialet. Bla i presentasjonen under for å sjå korleis du kan dekorere kanten rundt opninga til vottane.

Del 5: Eigenvurdering

Vurder den handverksfaglege kvaliteten på arbeidet ditt ut frå

  • haldbarheit

  • funksjon

  • estetisk uttrykk

Relatert innhald

Samiske skinnvottar vart sydde av leggskinn frå reinen. Forma på skinnet har gitt forma på produktet. Dekoren vart laga i tekstil.

Funksjon kan forklarast med bruksmåte. Formen på ein gjenstand viser korleis funksjon og uttrykk heng saman. Utsjånad og bruksmåte er ikkje tilfeldig.

CC BY-SASkrive av Berit Kristine Andersen Guvsam og Sara Inga Johansdatter Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2022

Læringsressursar

Tekstile teknikkar