Hopp til innhald

Fagstoff

Å sy med symaskin

Treng du tips som kan vere nyttige når du skal sy med symaskin? Her får du ei innføring i nokre grunnleggjande saumteknikkar.
Illustrasjon av symaskin med rosa tekstil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Val av symaskinnål

Symaskinnåler finst i ulike storleikar. Nålene kan ha ulik form på spissen og nålauget, alt etter kva stoff og kva slags tråd dei er berekna for. Vel ei nål som passar til prosjektet ditt. Til stoff som er elastiske, er det til dømes lurt å bruke ei stretchnål. Då unngår du at det blir hoppa over sting mens du syr. Universalnål er mest brukt når ein syr på symaskin. Den fungerer bra til faste stoff og til dei fleste saumar.

På symaskinnåla står det eit tal som fortel kva tjukn nåla har. Storleiken er oppgitt i hundredels millimeter. Når du kjøper ein pakke med symaskinnåler, er dei ofte i storleikane 70, 80 og 90. Storleik 80 er den mest brukte og kan brukast til dei fleste formål. Til tynne stoff bør du velje ei tynnare nål, til dømes storleik 70. Syr du i ekstra tjukke stoff, bør du velje storleik 90 eller ei endå kraftigare nål.

Før du startar å sy, er det viktig å sjå til at nåla er riktig plassert, og at ho er heilt rett. Då unngår du at ho ryk.

Fotografi av ein prøvelapp med faldar som blir sydd på maskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettsaum

Når du syr på symaskin, er rettsaum er den vanlegaste saumtypen. Den blir brukt til å sy saman delar.

Fotografi av ein kvit prøvelapp med ein grøn rettsaum.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre symaskiner har ei eiga innstilling for rettsaum og ei eiga for sikksakksaum. Biletet under viser ei symaskin som har ein knapp til kvar av saumtypane.

Fotografi av knappar for ulike saumar på ei symaskin og eit hjul for stinglengd som er stilt mellom 2 og 3.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stingbreidd

For å få rettsaum må stingbreidda stå på 0.

Fotografi av at tannhjulet til venstre er stilt inn på 0, og at ikonet på tannhjulet til høgre viser at nåla er midtstilt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stinglengd

Vanleg stinglengd for rettsaum er 2,5–3 mm. Det er viktig at stinga er tette nok når du syr. Nokre gonger må ein justere stinglengda etter kor tjukt stoffet er.

Dersom du skal tråkle saman delar, eller dersom du skal lage rynker, kan du bruke større stinglengd, til dømes 4–5 mm.

Fotografi som viser at det er knytt knute på endetråden på ein prøvelapp med rynker.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Val av undertråd og overtråd

Når du syr på symaskin, er det viktig at du bruker same farge på tråden som på stoffet. Dersom du syr fleire lag over kvarandre og stoffa har ulik farge, kan det hende at undertråden må ha ein annan farge enn overtråden. Det er også viktig å velje tråd av god kvalitet. Nokre sytrådar kan gi meir lo enn andre. Dette vil på sikt kunne føre til meir støv i symaskina.

Pressing av saumar

Bruk eit strykejern til å presse eller dampe saumane etter kvart som du syr. Då legg saumen seg fint.

Fotografi av prøvelapp der saummonnen er pressa til kvar si side på vranga.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av prøvelapp med pressa rettsaum, sett frå rettsida.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Feste tråd

Fotografi av kvit knapp med ei stipla pil som snur og går tilbake.

Nokre symaskiner har ein eigen knapp for å feste tråd. Ein annan måte å feste tråden på er å bruke tilbakeknappen. Den finst på alle symaskiner.

Det er viktig å feste tråden både i starten og enden av saumen, slik at saumen ikkje raknar. Dette kan du gjere ved å sy fram og tilbake.

Trådspenning

Trådspenningshjulet på symaskina viser kor stramt tråden er spend. Jo høgare tal ein har, jo høgare er spenninga. Markeringa på hjulet viser kva som er tilrådd.

Fotografi av eit hjul som viser trådspenninga på symaskina.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å stille inn trådspenninga rett er viktig for korleis saumen blir når du syr. Ein bra symaskinsaum skal sjå lik ut både på rettsida og på vranga. Undertråden skal ikkje visast på rettsida, og overtråden skal ikkje visast på vranga.

Animasjon som viser korleis nåla i ei symaskin bevegar seg ned til ein spole som roterer. Over- og undertråd blir knytt saman, og knuten legg seg midt i tekstilen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kastesaum

Overlocksaum eller sikksakksaum blir brukt til å kaste over stoffet slik at ein unngår at det raknar.

Fotografi av kvit prøvelapp med grøn sikksakksaum.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Fotografi av knappar for ulike saumar på ei symaskin og eit hjul for stinglengd som er stilt mellom 2 og 3.

Kva stinglengd og stingbreidd du vel på symaskina, avgjer kor brei sikksakksaum du får. På fleire symaskiner finst det ei eiga innstilling for sikksakksaum. Symaskina på biletet har same knapp for retts- og sikksakksaum. Stinglengda blir justert på hjulet til venstre for knappen.

For å få sikksakksaum, og ikkje rettsaum, må du justere på hjulet som regulerer stingbreidda. På rettsaum er det innstilt på 0, og du får breiare sikksakksaum jo høgare tal du vel.

Fotografi av at hjulet på ei symaskin er stilt inn på 3.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Berit Kristine Andersen Guvsám.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Tekstile teknikkar