Hopp til innhald

Fagstoff

Jarekant, trådretning og saummonn

Før du byrjar å sy, er det nokre omgrep du bør kjenne til. Her forklarer vi kvar du finn jarekanten og trådretninga i eit stoff, og kvifor du må berekne saummonn når du klipper ut mønsterdelar.
Fotografi av eit tøystykke som er bretta slik at vi kan sjå jarekanten på vrangsida av stoffet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jarekant

På vovne og strikka tekstil er det ein kant på kvar side på 1–2 cm som er tjukkare enn resten av stoffet. Dette blir kalla for jarekant. Den er laga av stoffprodusentane for at stoffet ikkje skal rakne. Når du klipper ut i ein tekstil, bør du unngå jarekanten.

På eit bomullsstoff kan ein ofte sjå jarekanten tydeleg. På eit ullstoff blir jarekanten vist som små hol i kanten. Om du held stoffet opp mot lyset, er det lett å sjå kor langt inn jarekanten går.

Fotografi av tøystykke der trådretninga er markert med ein raud strek.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trådretning

I vovne stoff kan du sjå at dei langsgåande trådane ligg i rett vinkel mot dei tverrgåande. Når du plasserer mønsterdelane på ein tekstil, må du ta omsyn til trådretning. Trådretninga ligg parallelt med kanten av stoffet. Ved å plassere mønsterdelar etter trådretninga unngår du at det ferdige produktet vrir seg etter vask.

Eit stoff har mest elastisitet når det blir klipt diagonalt, det vil seie 45 grader på jarekanten. Dette blir brukt til skråband. Du kan også klippe diagonalt om du ønskjer å gi eit stoff ekstra fint fall.

Saummonn

Når du skal sy saman to delar med symaskin, må du sy innanfor kanten av stoffet slik at det ikkje raknar. Saummonn, også kalla saumrom, er mellomrommet mellom saumen og kanten på stoffet.

Fotografi av eit kritstykke som har markert ei linje som går 1 cm utanfor mønsterkanten. Eit måleband er plassert slik at det viser at avstanden er 1 cm.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom du har eit mønster som du ønskjer å bruke, men som ikkje har inkludert saummonn, må du leggje det til. Det er vanleg med 1–1,5 cm saummonn. Bruk ein linjal eller måleband når du legg til saummonnen.

CC BY-SASkrive av Berit Kristine Andersen Guvsam.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Tekstile teknikkar