Hopp til innhald

Fagstoff

Sy rynker med handsaum

Her får du ei trinnvis forklaring på korleis du kan sy rynker for hand. I dette dømet er handsaumen sydd i skinn, men du kan bruke den same teknikken i tekstil.
Fotografi av skinndelar som er sydde saman med mellomlegg og rynkesaum.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Legg saman delane du skal sy, rette mot rette. Det er viktig at du held øvst den delen som skal rynkast, slik at han vender mot deg mens du syr. Dersom du vil ha eit mellomlegg, brettar du dette dobbelt. Plasser det mellom dei to laga med bretten innover, slik det er vist til høgre i biletet nedanfor.

  2. Lag knute på tråden og sy først eit par sting gjennom alle laga. Fest tråden slik som vist på biletet nedanfor.

Fotografi av at to delar skinn blir sydde saman med eit mellomlegg som er bretta dobbelt.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Når du skal lage rynker ved hjelp av handsaum, lagar du ein liten fald og stikk nåla på andre sida av falden. Stinglengda skal vere den same som om du hadde sydd med rettsaum. Stram til med tråden.

Fotografi av at to delar skinn blir sydde saman med eit mellomlegg som er bretta dobbelt. For kvart sting får det fremste skinnstykket ein fald, slik at det blir danna rynker.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Berit Kristine Andersen Guvsám.
Sist fagleg oppdatert 20.12.2021

Læringsressursar

Tekstile teknikkar