Hopp til innhald
Rettleiing

Sy rynker med symaskin

Her får du ei trinnvis forklaring på korleis du kan sy rynker med symaskin.
  1. Still inn stinglengda på symaskina på 4 eller 5.

  2. Sy ein rett saum med symaskina på stoffet som skal rynkast saman. (Hugs at du ikkje må feste saumen ved start og slutt ved å sy fram og tilbake.)

  3. Lag ein knute på den eine enden av tråden, slik at rynkene ikkje sklir bort.

  4. Dra i den eine tråden på den andre sida og rynk stoffet saman så mykje som du ønskjer. På biletet under er det brukt grøn tråd for å visualisere.

  1. Knyt deretter saman trådane, slik at rynkene ikkje sklir bort.

  1. Nål fast stoffet med det andre stoffet du skal sy det fast saman med.

Lag rynkar med fleire parallelle saumar

Du kan også lage rynkesaum ved å sy fleire saumar parallelt med kvarandre. Bruk den same framgangsmåten som er forklart over. Når saumane er sydde, tek du tak i alle trådane på framsida av stoffet og strammar varsamt til slik at stoffet rynkar seg.