Hopp til innhald

Fagstoff

Handsaum

Å kunne sy for hand er ein viktig del av tekstilhandverk. Kva slags funksjon saumen skal ha, avgjer kva type sting du bør velje. Her finn du instruksjonsvideoar der herreskreddar Anders Storøygard gir deg innføring i ulike saumteknikkar.
Attersting

Attersting gir ein sterk og elastisk saum og blir brukt på same måte som rett symaskinsaum.

Faldesting

Faldesting blir òg kalla loresting. Det bruker du til å sy oppbrett på eit plagg slik at stinga ikkje blir viste frå rettsida av plagget.

Fellesting

Vi bruker fellesting til å sy ned ein klippekant og sikre at han ikkje raknar.

Forsting

Som namnet seier, blir forsting brukt til å feste for, men det kan òg brukast til andre saumar som ikkje treng å vere sterke.

Heksesting

Heksesting blir òg kalla kryssesting. Vi bruker denne saumteknikken til å halde to lag saman eller til å sikre at ein kant ikkje raknar.

Kastesting

Kastesting eller overkasting blir brukt for å sikre at klippekanten ikkje raknar.

Prikkesting

Prikkesting blir brukt til å sy stikningar frå rettsida av stoffet. Du kan gjere saumen nesten usynleg, eller du kan bruke prikkane dekorativt.

Regels

Regels fungerer som ein knutekant. Han blir brukt til å forsterke stoffet der det kan bli stor belastning på plagget.

Her kan du repetere prikkesting.

Staffering

Staffering er små sidesting. Dei blir brukte til å feste ein bretta kant til stoffet under. Du kan gjere stinga nesten usynlege eller bruke dei til dekorative tverrstriper.

Stikning

Stikning blir brukt når vi skal sy gjennom tjukke stofflag.

Stossing

Stossing er ein saumteknikk vi kan bruke når vi skal lage ein usynleg saum frå rettsida av stoffet.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2022

Læringsressursar

Tekstile teknikkar