Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Toving av sitjeunderlag

I denne oppgåva skal du jobbe med tekstilmaterialet ull. Du skal få oppleve korleis fibrane tovar seg, og lære litt om tekstilfiber og tekstur.

Planlegg fargebruk og design

I toveprosessen kan vi enkelt lage eige design ved å bruke fleire ulike fargar med ull og legge dei i forskjellige mønster. Ut frå store tova flak kan vi lage forskjellige uttrykk. Tenk på det som eigne tekstilar klare til bruk. Lag skisser og planlegg designet på eit sitjeunderlag.

Utstyr

  • flytande grønsåpe (utan fosfat)
  • sprayflaske til såpevatn
  • fast Sunlight-såpe til etterbehandling
  • bambusmatte
  • vaskebrett
  • nylonduk (for å dekke ulla)
  • saks
  • handkle

I tillegg treng du tilgang til ein vask.

Framgangsmåte

  • Lag klar all ulla du skal bruke i toveprosessen.
  • Lag ei såpeblanding med forholdet éin del såpe og ti delar vatn. Vatnet skal vere cirka 40–45 °C.
  • Legg ulla på ei bambusmatte. Skal sitjeunderlaget vere 40 cm x 30 cm, må du rekne med cirka 30 prosent ekstra til krymping. Det vil seie at flata bør vere cirka 52 cm x 39 cm når du startar arbeidet.
  • Legg på eit kryssande lag med ull, klapp forsiktig reint vatn inn i ulla og legg på ein tynn nylonduk. Klapp/klem vatn inn i ulla, før du går over til å gni med lette sirkelrørsler. Ull har ein spesiell struktur ved at ho har mikroskopiske "piggar" som tovar seg saman i prosessen.
  • Snu ulla og jobb med lette sirkelrørsler på denne sida òg.
  • Legg på fleire lag med ull, minst fire til seks stykk, til eit sitjeunderlag. Bruk sprayflaske og spray varmt grønsåpevatn på filten.
  • Når sjølve toveprosessen er ferdig, bruker du sunlight-såpe og varmt vatn (cirka 45 °C) til toving av arbeidet. Bruk gjerne eit vaskebrett til å gni ulla på. Varme og friksjon gjer at ulla krympar. Filten blir tettare og fastare med mykje arbeid, og hugs at eit sitjeunderlag med moderat toving kan vere like varmt som eit hardt tova sitjeunderlag. Dette er fordi luft isolerer.
  • Skyl filten rein for såpe.
  • Rull filten inn i eit handkle til tørking.
  • Når sitjeunderlaget er tørka, kan du klippe det ut i ei vald form.

Innlevering

  • Ferdig tova sitjeunderlag
  • Skisser
  • Vurdering av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet

Relatert innhald

Dette er ei enkel innføring i utstyr og material til toving, som du kan bruke som utgangspunkt til spennande eigendesigna produkt.

CC BY-SASkrive av Inger Marie Osmundsvåg og Iselin Myklebust.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Tekstile teknikkar