Hopp til innhald

Fagstoff

Sy faldar med symaskin

Her får du ei trinnvis forklaring på korleis du kan sy faldar med symaskin.
Fotografi av prøvelapp med maskinsydde faldar.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. For å få faldane jamne kan ein lage markeringar med like stor avstand. På dømet nedanfor det 1,5 cm mellom kvart punkt.

Fotografi som viser ein stoffbit som er markert med små blyantstrekar med jamn avstand på den øvste langsida.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Brett stoffet frå punkt til punkt som vist på biletet nedanfor, og fest med knappenåler.

Fotografi av ein prøvelapp med faldar som er festa med knappenåler.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Sy med rettsaum over faldane. Det er viktig at du plasserer nålene på tvers. Då kan du sy over nålene utan at dei ryk.

Fotografi av at ein prøvelapp med faldar blir sydd på maskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Berit Kristine Andersen Guvsám.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2021

Læringsressursar

Tekstile teknikkar