Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstiltrykk

Vi kan bruke trykk til å lage motiv og mønster på tekstil. Det finst fleire ulike teknikkar innanfor tekstiltrykk. Du kan utføre trykkeprosessen for hand eller la trykkinga vere ein digital prosess.
Svart og kvitt mønster blir laga i ei silketrykkramme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstiltrykk

Tekstiltrykk er eit felles uttrykk som beskriv fleire teknikkar vi kan bruke til å lage motiv og mønster på tekstil. Fargestoff legg seg i overflata eller treng ned i tekstilfibrane. Til slutt blir fargane fikserte med varme slik at dei ikkje skal forsvinne ved vask.

Tekstiltrykk blir òg brukt om nokre metodar som eigentleg ikkje er ein trykkeprosess, til dømes påføring av fargestoff med pensel (måling). Det same gjeld for batikk, der vi bruker voks, tråd eller knyting til å avgrense kor mykje av tekstilet som blir farga.

Analoge teknikkar

Dei mest tradisjonelle måtane å jobbe med tekstiltrykk på er handtrykk, også kalla analoge teknikkar. Her kan du bruke trykkblokker, sjablongar og trykkrammer til å overføre tekstilmåling på tekstilflata.

Silketrykk

Silketrykk er ein teknikk som blir utført ved bruk av ein silketrykkrakel, ei silketrykkramme og eit silketrykkbord. Prosessen går ut på å presse tekstilmåling med ein silketrykkrakel gjennom ei silketrykkramme med ønskt mønster eller motiv.

Nærbilete av silketrykkprosessen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Shibori (batikk)

Shibori er ein japansk innfargingsteknikk. Han er òg kjend som batikk eller tie-dye. Du brettar og bind tekstilet med tråd slik at nokre område av tekstilet ikkje tek farge. Då får du lyse område/mønster der fargen ikkje har blitt absorbert.

Kollasj av shibori batikk. Øverst til venstre er det et mønstret tekstil i fargebad. Nederst til venstre er det en kvinne som holder opp tekstil med mønster i hvitt og svart. Til høyre er det et mønstret tekstil i hvitt og svart, som henger på ei snor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Voksbatikk

Voksbatikk er ein indonesisk innfargingsteknikk. Her bruker du koparblokker eller små metallkanner til å påføre oppvarma og heilt flytande voks.

Ei lita metallkanne blir brukt til å føre på flytande voks, slik at det skaper eit mønster i tekstilet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Voksen gjer at tekstilet ikkje tek imot farge. Det blir verande kvitt eller held på grunnfargen til tekstilet etter innfarginga.

Blått og svart tekstil med kvitt mønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Måling

Transparent tekstil med måla dekor. Foto.

Dei mest intuitive og eksperimenterande tekstilteknikkane er når du målar direkte på stoffet. Her blir tekstilmålinga påført med pensel eller ein trykkrakel.

Digitale prosessar

I nyare tekstilproduksjon digitaltrykkjer ein det meste ved å sende digitale filer til ein stor tekstilskrivar med det ønskte tekstilmaterialet.

Digitaltrykk

Digitaltrykk verkar som ein vanleg skrivar, på den måten at ein monterer det ønskte tekstilet på ein rull og får det skrive ut som metervare. Her må du sende digitale mønsterfiler. Dei blir ofte laga ved bruk av Photoshop eller Illustrator.

Tekstil med mønster i svart, kvitt og blåtonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Overflatetrykk

Du kjenner sikkert til T-skjortetrykk, der vi overfører eit motiv eller mønster ved å varmepresse det på tekstilet. I overflatetrykk blir målinga eller plastikkfilmane vi bruker, liggjande i overflata av tekstilet. Det treng ikkje ned i fibrane på same måte som teknikkane vi har sett på tidlegare. Dette gjer trykket meir sårbart med tanke på vasking og anna etterbehandling av tekstilet.

Transparent tekstil med kvit dekor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Miranda Tengs Brun og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2020

Læringsressursar

Tekstile teknikkar