Hopp til innhald

Fagstoff

Vottar sydde i reinskinn

Skinnvottar held godt på varmen i kulda. I lulesamiske område blir vottar som er sydde i pels, kalla for gistá. Tradisjonelt vart gistá sydd av leggskinn frå reinen. Forma på leggskinna er det som har gitt forma på vottane.
Fotografi av eit par pelsvottar. I opninga rundt handleddet har dei eit breitt pynteband i tekstil med sikksakkmønster i fargane raudt, blått, gult og grønt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gistá er den lulesamiske nemninga på vottar som er sydde i pels. På nordsamisk seier ein gisttat. Gistá har tradisjonelt vorte sydd av leggskinn frå reinsdyr. Til eit par gistá treng ein vanlegvis ein omgang leggskinn, det vil seie alle leggskinna frå ein rein.

Ráhpuga er den lulesamiske nemninga på vottar som er sydde i garva skinn. På nordsamisk seier ein rahpohat.

Fotografi av eit par skinnvottar med bord i tekstil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dei tradisjonelle skinnvottane er det vanleg å ha mellomlegg mellom saumane, og både skinn- og pelsvottar har dekor i tekstil.

Inne i begge vottetypane har det vore vanleg å bruke ullvottar og også sennegras for å halde på varmen. Sennegraset vart slått på seinsommaren, og vart oppbevart i sekker gjennom vinteren. Etter at graset er tørka og banka, isolerer det og held hendene tørre og varme.

Det har vore vanleg å fôre votten i skaftet rundt handleddet, men bortsett frå det har det ikkje vore vanleg med fôr.

Tradisjonshandverk som inspirasjon

Fotomontasje av fem bilete som viser korleis ein syr vottar med samisk inspirasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du kan la deg inspirere av mønster og saumteknikkar og lage samiskinspirerte vottar i tekstil. Men hugs å vere bevisst på inspirasjon og kopiering når du tek utgangspunkt i eit tradisjonshandverk. Sjå artikkelen om kulturell appropriasjon og kva det inneber innanfor duodji.

Relatert innhald

Kulturell appropriasjon er eit viktig omgrep å kjenne til når ein låner element frå andre folkegrupper og kulturen deira.

Duodji er samleomgrepet for samiske handverkstradisjonar og -produkt. Les litt om tradisjonar og om verdien av autentiske handverksprodukt.

CC BY-SASkrive av Berit Kristine Andersen Guvsám.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2022

Læringsressursar

Samisk tradisjonshandverk