Hopp til innhald

Fagstoff

Fotosyntesen

I fotosyntesen blir det danna sukker som plantene bruker som byggemateriale, energikjelde eller som dei kan lagre. Alle levande organismar på jorda er direkte eller indirekte avhengige av dei organiske stoffa som blir produserte i fotosyntesen. Det er derfor vi kallar han verdas viktigaste kjemiske prosess.
Åker med grøne planter med kvite blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotosyntesen gir sukker

Alle dei grøne plantene driv fotosyntese. Plantene tek opp karbondioksid (CO2) og vatn (H2O) og produserer sukker/glukose (C6H12O6) og oksygen (O2). Plantene bruker energien frå lyset til å drive fotosyntesen. Ute i naturen og på åker og eng er det sola som er lyskjelda. I veksthuset, eller i stova, kan vi gi ekstra lys frå lamper.

Plante med grøne blad får energi frå sola, karbondioksid frå lufta og vatn frå jorda gjennom røtene. Det blir danna druesukker i blada, og oksygen blir skild ut. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva bruker plantene sukkeret til?

Byggemateriale

Sukkeret som plantene produserer i fotosyntesen, er byggematerialet deira. Sukkeret blir til dømes bygd inn i cellulosen som vi finn i trestammane, i stivelsen i poteta eller kornet, eller i proteinet til plantene. Litt forenkla kan vi seie at sukkeret er byggemateriale som plantene bruker for å vekse og bli større.

Energi

Sukkeret blir òg brukt som energikjelde, og denne energien blir frigjord i det vi kallar . Energien frå respirasjon bruker plantene til livsaktivitet som til dømes blomstring, fruktsetjing eller stofftransport.

Lagring

Plantene kan òg lagre ein del av sukkeret. I poteta eller kålrota er sukkeret danna om til stivelse som fungerer som opplagsnæring. Dette er som ei matpakke dei skal ta av neste vår før planta kjem i gang med fotosyntese igjen. Vi må hugse at potetknollane eller kålrota som vi tek opp på hausten, eigenleg er eit ledd i formeiringa til desse artane. Potetknollen og kålrota skal overvintre ute på åkeren og danne nye planter til våren.

Kvar i planta skjer fotosyntesen?

Kloroplastar – små korn med klorofyll

Fotosyntesen føregår i cellene i dei grøne plantedelane, til dømes blada. I cellene her finn vi kloroplastar, som er små korn inne i cellene. Inne i desse korna er det skiver eller sekkar (granum) der kvar skive eller sekk er pakka inn i ein membran som inneheld klorofyll. Det er klorofyllet som gir den grøne fargen på blada.

Plantecelle med organellar der ein kloroplast er forstørra. Kloroplasten er grøn og forma som eit drops. Inni kloroplasten er det fleire stablar som minner om tallerkenar som er stabla oppå kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fotosyntese = lysreaksjon + calvinsyklus

Det er klorofyllet som fangar energien i lyset, og membranane fungerer nesten som solcellepanel. Denne prosessen blir kalla lysreaksjonen. Energien blir send vidare til andre delar i kloroplasten og brukt til å drive prosessen der karbondioksid blir bunden og blir til sukker (calvinsyklus).

Fotosyntese i ein grøn, dropsforma kloroplast. Lys treffer kloroplasten og gjer at vatn blir spalta til oksygengass. Piler viser at det òg blir frigitt energi i denne reaksjonen. Energien går vidare og blir brukt til å lade opp molekyl i kloroplasten. Noko av energien blir brukt til å drive calvinsyklusen, der karbondioksidmolekyl blir bygde saman til sukker. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Faktorar for effektiv fotosyntese

For oss som skal produsere korn, gras, grønsaker, blomstrar eller frukt, er det viktig at vi legg forholda best mogleg til rette for at plantene får drive ein så effektiv fotosyntese som mogleg. Det følgande er viktige faktorar i dette arbeidet:

  • lys: Utan lys stoppar fotosyntesen. I veksthus kan vi gi vi ekstra lys for meir effektiv fotosyntese.

  • vatn: Sjølve fotosyntesen krev lite vatn. Men vatn er viktig for å halde plantene saftspente slik at er opne og plantene kan ta opp CO2 som er viktig for fotosyntesen.

  • næring: Næringsmangel vil generelt hemme alle prosessar i plantene.

  • temperatur: I områda våre er fotosyntesen, som andre prosessar i plantene, mest effektiv rundt 20–25 oC.

  • CO2: Utan CO2 stoppar fotosyntesen. Utandørs er ikkje mangel på CO2 noko problem, men i veksthus er det vanleg å gi ekstra tilskot av CO2 for at fotosyntesen skal bli meir effektiv.

Oppgåve

Kjelder

Berner jr., E. (1996). Plantefysiologi. Pensumtjeneste.

Nyléhn, J. (2023, 18. september). Fotosyntese. I Store norske leksikon. https://snl.no/fotosyntese

Relatert innhald

Respirasjon er ein prosess der plantene bruker av energien som blir lagra i fotosyntesen. Dette har betydning for kvaliteten på det vi haustar og lagrar.

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2023

Læringsressursar

Plantekjennskap