Hopp til innhald

Fagstoff

Temperatur

Temperaturen er viktig for mange prosessar i planter. Han påverkar til dømes om epla blir modne før vinteren, kor stor avlinga i enga blir, og om haustkornet overlever vinteren. I tillegg påverkar hausttemperaturen danning av knoppar som skal gi fruktavlinga for neste år.
Stemorsblomster med rim på. Foto.

Temperaturen påverkar enzymaktiviteten

Temperaturen påverkar plantene fordi han påverkar ei rekke biokjemiske prosessar, og dermed både vekst og utvikling. I hovudsak er det aktiviteten til som blir hemma når temperaturen er for høg eller for låg. Den optimale temperaturen for vekst varierer mellom artane, like så kor låg temperatur dei toler før dei tek skade. Til dømes vil planter som naturleg veks høgt til fjells i Jotunheimen, tole lågare temperaturar enn planter rundt Oslofjorden.

Når det gjeld artane vi dyrkar, er det foredla fram sortar for dei ulike landsdelane. Eit døme er timotei. Han blir dyrka over heile landet og blir brukt som vinterfôr eller i beite for mellom anna mjølkeku, hest og sau. Foredlarane har utvikla mange sortar der nokre er meir vinterherdige enn andre. Bur du ein stad med tøffe vintrar, bør du kanskje velje sorten noreng framfor liljeros som er meir tilpassa stader med snillare vintrar. Der du kjøper frø, får du hjelp til å velje ein sort som passar der du bur.

Kva skjer i plantene når det blir kaldt?

For plantene er frost og tørke i praksis nesten det same. Ved temperaturar under frysepunktet blir det danna iskrystall mellom cellene i blada. Dette fører til at vatn blir trekt ut av cellene, det same som skjer når plantene tørkar. Inni cellene blir det ei konsentrert væske som kan samanliknast med frostvæske, dette bidreg til at cellene ikkje frys i stykke. Det varierer mellom artane kor mykje uttørking av cellene dei toler før dei får varig skade. Det skjer òg at cellene frys i stykke, og då vil plantene døy ganske raskt. Planter som ikkje høyrer naturleg heime her, er mest utsette for dette.

Plante med blad som heng ned og byrjar å bli brune. Foto.

Frostherding

Det er mogleg å førebu plantene slik at dei toler låge temperaturar. Dette blir kalla frostherding, og vi bruker det ofte i grønsaksproduksjon. Grønsakene vil vi plante ut tidleg slik at vi kan hauste tidleg og få god pris, eller fordi dei treng lang sesong for å bli hausteklare. Ved herding utset vi plantene for litt lågare temperatur (over 0 gradar) ein periode før utplanting, slik herdar vi plantene. Plantene utviklar det vi kallar auka frostresistens og vil tole ein eventuell frostperiode etter utplantinga. Kor lang herdingsperioden skal vare, kjem an på art og alder på plantene.

Vekstsesong

Vekstsesongen blir kortare når vi kjem lenger nord eller høgare over havet. Når gjennomsnittstemperaturen i døgnet er over 5 gradar, kallar vi det for eit vekstdøgn. I dyrkbare område i Noreg har vi ein vekstsesong på over 210 vekstdøgn i dei varmaste områda og under det halve på stadene med kortast vekstsesong. Plantene har ulike krav til lengda på vekstsesongen for å kunne fullføre ein livssyklus, og du må derfor ta omsyn til kvar du bur, når du skal bestemme deg for kva vekstar du vil dyrke.

Eit vekstdøgn er eit døgn der gjennomsnittstemperaturen er over 5 gradar.

Tenk gjennom!

Korleis vil klimaendringar kunne påverke vekstsesongen der du bur? Kva med andre stader i Noreg?

Forlenge vekstsesongen

For vekstar utandørs kan vi tjuvstarte sesongen litt med enkle hjelpemiddel, til dømes provisoriske plasttunnelar eller dyrkingsbenkar der vi dekker plantene med plast, fiberduk eller glas. Dette er brukt ein del i dyrking av grønsaker og sommarblomstrar. Vi kan òg dekke vekstar (til dømes potet) med fiberduk på åkeren. Dette er ei løysing når arealet eller mengda planter ikkje er altfor stor. I eit veksthus med varmeanlegg kan vi dyrke nesten kva vi vil, uavhengig av temperaturkrav.

Kjelder

Vekstsesong. (2020, 28. februar). I Botanisk- og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/v/vekstsesong.html

Frostskader. (2023, 25. februar). I Botanisk- og plantefysiologisk leksikon. https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/leksikon/f/frostskader.html

Relatert innhald

Nettside hos kilden.nibio.no

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2023

Læringsressursar

Plantekjennskap