Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stell av snittblomstrar og staffasje

Ei av dei viktigaste oppgåvene ein blomsterdekoratør gjer, er å stelle blomster, grønt, greinar og kvistar slik at dei kan halde lengst mogleg. Ulike blomstrar treng ulik behandling. I denne oppgåva skal du lage ei oversikt over varebehandling av det plantematerialet du bruker.
Tre små blomsterbukettar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve i varebehandling

I denne oppgåva skal du lære korleis dei ulike blomstrane du bruker skal behandlast. Etter kvart som du får erfaring med ulikt plantemateriale, kan det vere lurt å notere ned optimal behandling av dei ulike artane. Bruk skjemaet under og noter korleis du på best mogleg måte tek vare på ulike blomstrar og . Sjå gjerne på døma nedst, men bruk dine eigne ord og erfaringar når du blir kjent med ulike blomstrar, grønt og greiner.

Botanisk namn

Påskelilje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Botanisk namn består av slektsnamn og art. Til dømes Narcissus (slektsnamn) pseudonarcissus (art). Det norske namnet er påskelilje. Som blomsterdekoratør skal du kunne både det botaniske namnet og det norske namnet.

Utsjånad

Beskriv blomsteren sin utsjånad. Det kan vere ei hjelp å bruke verktøyet FLOF, som står for form, linje, overflate og farge.

Varebehandling

Beskriv korleis du bør behandle blomsteren. Reint vatn, næring og reine vasar er alltid viktig. Men skal du snitte rett eller skrått, og kva temperatur skal vatnet ha? Kor lenge skal blomsteren trekkje vatn, og kor kaldt skal han takast vare på? Treng alle blomstrar høg luftfukt, eller kan somme blomstrar lett få fuktskade? Kva temperaturar trivst tropiske blomstrar best i?

Filer

Ulike sortar blomster som står i bøtter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme

døme på varebehandlingsskjema

Botanisk namn: slekt/art

Norsk namn

Utsjånad

Varebehandling

Rosa x hybrida

Rose

Form: hovudform rund, men open form. Middels til stor

Linjer: lang og rett stilk

Overflate: matt overflate

Farge: finst i mange ulike fargar, ofte sterke fargar

Fjern alle tornar og blad nedst på stilken. Lag eit reint skrått podesnitt.

Næring i vatnet.
Vatn: 40–50 gradar i rein bøtte/vase. Trekktid: ein til to timar.

Blir tatt vare på på kjøle.

Anthurium andraeanum

Stor flamingoblomster

Form: Stor, rund form som endar ut i ein spiss

Linjer: Boga linje som går ut i ein spiss. Rett linje i stilken

Overflate: glatt og blank, nesten metallisk eller plastisk

Farge: grøn, raud, kvit. Finst òg som burgunder mot svart og raud mot rosa

Lag eit reint skrått podesnitt med skarp kniv. Sårflata må vere glatt. Ikkje klem stilken.

Næring i vatnet.
Vatn: om lag 30 gradar i ei rein bøtte/vase. Trekktid: ein til to timar.

Treng ikkje å stå på kjøle.

Tulipa x hybrida

Tulipan

Form: spiss form.

Linjer: rett linje i stilk

Overflate: glatt.

Farge: finst i mange ulike, ofte sterke fargar

Blir rett over snitta med eit reint snitt. Bruk alltid kniv. Ikkje klem stilken.

Treng ikkje næring i vatnet.
Vatn: om lag 20 gradar i ei rein bøtte/vase.

Blir teke vare på på kjøle.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2020

Læringsressursar

Plantekjennskap