Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Korleis blir planter påverka av lys?

Har du nokon gong lagt merke til at planter strekker seg mot lyset? Her skal du utforme eit forsøk der du studerer korleis lys påverkar plantevekst.
Små plantespirer strekker seg mot lyset. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette forsøket er målet at klassen saman skal utforme eit forsøk for å studere korleis karse blir påverka av lys.

Til lærar

Det er fleire måtar å gjennomføre forsøket på. Eit alternativ er å utfordre elevane til å utforme eigne forsøk. Då kan du gi dei utstyrslista under og bruke refleksjonsspørsmåla nedst på sida til vidare arbeid. Eit anna alternativ er at dei følger framgangsmåten som er skildra her.

Lag eit forsøk for å studere lys og plantevekst

Du skal utforme eit eksperiment for å finne ut korleis lys påverkar vekst i planter. Karsefrø er eit godt alternativ, for frøa spirer raskt, og plantene veks godt under enkle kår. Dei krev berre vatn og litt bomull.

Tenk gjennom kva variablar som kan påverke dette forsøket, og lag eit oppsett til eit forsøk der alle variablane blir haldne konstante, bortsett frå den du vil teste.

Utstyr per oppsett

  • 1–2 posar karsefrø

  • bomull

  • sju mjølkekartongar

  • målekolbe

  • vatn

  • pappeske (60 x 30 x 30 cm er ein passande storleik)

  • svarte ark

  • lyskjelde (LED eignar seg best, fordi det ikkje gir frå seg varme og kan vere skrudd på over natta)

Forslag til gjennomføring

Forslag til gjennomføring

  1. Lag små "potter" ved å klippe botnen av sju mjølkekartongar. Veggane skal vere cirka 2 cm høge.

  2. Fyll mjølkekartongane med lik mengde bomull.

  3. Bruk ein målekolbe for å måle opp vatn, slik at alle mjølkekartongane får same mengde. Dersom bomulla søkk mykje, bør du etterfylle med meir, slik at bomulla når opp til kanten på kartongen.

  4. Veg opp sju like mengder karsefrø, og strø dei jamt over bomulla i kvar av mjølkekartongane.

  5. Dekk innsida av pappeska med svarte ark.

  6. Plasser fem av mjølkekartongane midt i eska på ei rett linje med lik avstand mellom kvar kartong.

  7. Plasser den sjette kartongen bak den midtarste.

  8. Lukk eska, og skjer ut ei spalte (til dømes 5 cm x 2 cm) som lyset kan kome gjennom.

  9. Monter LED-lampa 5 cm frå spalta.

Korleis veks karse utan lys?

  1. Den sjuande kartongen som du sådde i, skal stå utanfor eska, men med lokk over.

  2. Bruk toppen av ein mjølkekartong som lokk. Klipp eit snitt i dei fire hjørna øvst for å sikre lufting.

  3. Tre toppen av mjølkekartongen over botnen, og plasser denne mjølkekartongen med lokk ved sida av pappeska som inneheld dei seks andre mjølkekartongane.

Ei eske med lysspalte inneheld seks kartongar, fem på ei rad og ein sjette bak den midste. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undersøk veksten etter nokre dagar. Hugs å sjekke om du må vatne karsen i mellomtida. Ta bilete undervegs for å dokumentere veksten.

Resultat og spørsmål

  1. Forklar måten du utforma forsøket på. Kvifor valde du å gjennomføre forsøket på denne måten?

  2. Kva variablar blir haldne konstante, og kva variabel varierer i dette eksperimentet?

  3. Kan du tenke deg andre måtar du kunne ha gjennomført forsøket på?

  4. Korleis har karsen vakse i forhold til lyskjelda?

  5. Er det forskjell på korleis karsen har vakse i dei ulike kartongane?

  6. Forklar korleis plantehormon har påverka resultatet.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen, Elida Arstad Skøien og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2023

Læringsressursar

Plantekjennskap