Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Haldbarheita til snittblomstrar

Når vi kjøper snittblomstrar, vil vi gjerne at dei skal vare så lenge som mogleg. Undersøk kva faktorar som påverkar haldbarheita til blomstrar.
Rosa blomstrar i smale vasar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formål

Formålet er å undersøkje kva faktorar som verkar inn på haldbarheita til snittblomstrar.

Før de set i gang

  • Kva faktorar trur de påverkar haldbarheita til snittblomstrar? Diskuter.
  • Vel ut éin eller fleire faktorar som de undersøkjer nærare.

Nokre aktuelle problemstillingar kan vere:

  • Bør blomstrane stå i oasis eller vase?
  • Kor regelmessig/uregelmessig bør dei vatnast?
  • Bør ein bruke blomsternæring eller ikkje?
  • Kva bør temperaturen på vatnet vere?
  • Kva bør temperaturen i rommet vere?

Lag ein plan og gjennomfør undersøkingar

Etterarbeid

  • Lag ein rapport eller presentasjon av det de finn ut.
  • Bruk det de finn ut, til å lage eit lite kort eller ein liten lapp med haldbarheitsråd som kan festast på snittblomstrar når dei blir selde.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2020

Læringsressursar

Plantekjennskap