Hopp til innhald

Fagstoff

Planter og næring

Planter treng vatn, lys og karbondioksid for å drive fotosyntese og dermed kunne bygge opp karbohydrat. I tillegg treng dei mineral, som dei tek opp frå jorda gjennom røtene.
Rot av ert med knollar med rhisobiumbakteriar på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Planter tek opp vatn og mineral gjennom røtene

Plantene får vatnet dei treng, ved å ta det opp frå jorda via røtene. Røtene absorberer vatn frå jorda gjennom små utvekstar som vi kallar rothår, og transporterer vatnet ut til cellene gjennom vedvevet.

Tverrsnitt og lengdesnitt av ei rot med namn på ulike delar. Spissen av rota er dekt av ei rothette. Fra ytst mot inst har vi rothår, ytterhud, bork, innerhud. I kjernen av rota har vi ein sentralsylinder som består av silvev og vedvev. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I vatnet finst det òg næringsstoff som plantene treng, løyste som ion. Næringsstoffa som plantene treng relativt store mengder av, blir kalla makronæringsstoff. Døme er nitrogen, fosfor og kalsium. Andre næringsstoff, som jern og sink, trengst i mindre mengder. Dei blir derfor kalla mikronæringsstoff. Plantene bruker næringsstoffa til å bygge opp større molekyl, til dømes protein, DNA, RNA og klorofyll. Dei kan òg vere viktige for styringa av funksjonen til enkelte enzym, i eller som .

Planter tek opp mineral via røtene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nitrogen frå lufta – med hjelp frå bakteriar

Nitrogen er eit viktig næringsstoff for plantene. Det inngår mellom anna som byggestein i protein og DNA. Sjølv om lufta består av 78 % nitrogen, er ikkje dette næringsstoffet nødvendigvis så lett å få tak i for plantene. Plantene har ikkje moglegheit til å gjere nitrogengass frå lufta om til nitrogensambindingar som dei kan nyttiggjere seg, og har derfor utvikla ulike tilpassingar. Erteplantene inngår til dømes i eit symbiotisk forhold med nitrogenfikserende bakteriar som kan gjere nitrogengass om til biologisk tilgjengelege nitrogensambindingar.

Plante med røter som har knollar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mykorrhiza (sopprot) – planter og sopp samarbeider

Ei anna tilpassing for å få tak i næringsstoff er å inngå eit mutualistisk samliv med sopp. Når ein sopp veks i nærleiken av ei plante, kan dei tynne sopphyfane legge seg rundt eller vekse inn i planterøtene og danne det vi kallar mykorrhiza. Både planta og soppen har nytte av dette: Planta får lettare tilgang på vatn og næringsstoff (til dømes fosfat, sink og kopar), mens soppen får glukose frå planta.

er mykje tynnare enn planterøter. Derfor kan dei trenge inn i mindre porer i jorda og få tak i vatn og næringsstoff som elles ville vore utilgjengelege for planta.

Tre med røter knytte saman med hyfane til ein sopp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrep

Mikronæringsstoff
er næringsstoff plantene treng veldig små mengder av.
Makronæringsstoff
er næringsstoff plantene treng større mengder av.
Mykorrhiza (sopprot)
er eit samarbeid mellom sopp og planter der soppen får glukose frå planta, mens planta får vatn og mineral "i bytte".
Mutualisme
er eit samspel mellom organismar der begge partar har nytte av samspelet.
Nitrogenfikserande bakteriar
er bakteriar som kan ta nitrogengass frå lufta og gjere det om til nitrogensambindingar som planter kan utnytte.

Oppgåve. Sant eller usant?

Ta stilling til påstandane. Kva er sant, og kva er usant om planter og næring?

Kjelder

Openstax (2018). Nutritional Adaptations of Plants. Henta 21. oktober 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/31-3-nutritional-adaptations-of-plants

Sirevåg, R. (2022, 18. februar). Belgplantebakterier. I Store norske leksikon. https://snl.no/belgplantebakterier

Universitet i Oslo (2019 ). Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 21. oktober 2021 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Hanne Hegre og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2023

Læringsressursar

Plantekjennskap