Næringsstoff
Ei frisk plante i normal vekst består av 70–90 prosent vatn. Resten kallar vi tørrstoff. Tørrstoffet består av organisk materiale og mineral. I det organiske materialet finn vi grunnstoffa karbon, oksygen, hydrogen, nitrogen og svovel. Dette er grunnstoff som er byggesteinar i organiske molekyl som mellom anna sukker, DNA og protein. Mineralfraksjonen består av andre grunnstoff, nokre i bitte små mengder, andre i litt større mengder.
Plantene treng i alt 17 grunnstoff for å leve, vekse og formeire seg. Vi kallar desse essensielle næringsstoff, og dei blir delte i to grupper:
makronæringsstoff – dei stoffa planta treng mykje av
mikronæringsstoff – dei stoffa planta treng mindre av
I denne gruppa finn vi ni næringsstoff. Karbon tek plantene opp frå lufta, mens oksygen og hydrogen som oftast kjem frå vatnet. Dei seks siste makronæringsstoffa hentar plantene i all hovudsak frå jorda.
Næringsstoff | Kjemisk symbol | Funksjon i plantene | Kvar hentar plantene stoffet frå? |
---|---|---|---|
Karbon | C | Inngår i organiske sambindingar som stivelse, protein og feitt. Fotosyntesen. Over 40 % av tørrstoffet i ei plante er karbon. | Lufta |
Hydrogen | H | Inngår i organiske sambindingar som stivelse, protein og feitt. Fotosyntesen. Transport. | Lufta eller vatnet |
Oksygen | O | Inngår i organiske sambindingar som stivelse, protein og feitt. Respirasjon. | Lufta eller vatnet |
Nitrogen | N | Inngår i protein og klorofyll. Viktig for den vegetative veksten. | Jorda (lufta) |
Fosfor | P | Energiomsetjing (fotosyntesen og respirasjon). Inngår i organiske sambindingar. | Jorda |
Kalium | K | Viktig i vassbalansen, regulerer spalteopningane. | Jorda |
Kalsium | Ca | Inngår i celleveggane. | Jorda |
Magnesium | Mg | Inngår i klorofyllet. | Jorda |
Svovel | S | Inngår i protein og enzym. | Jorda |
Nitrogen, fosfor og kalium – NPK
Nitrogen (N), fosfor (P) og kalium (K) er dei tre stoffa som plantene vi dyrkar, treng mest av. Gjødsla vi kjøper, inneheld derfor mest av desse tre stoffa. Vi kan til dømes finne gjødsel som heiter 25-2-6, desse tala beskriv innhaldet i prosent av nitrogen (25 %), fosfor (2 %) og kalium (6 %) i den rekkefølga. I tillegg kan gjødsla innehalde fleire av dei andre næringsstoffa som plantene treng, men då i små mengder.
Mikronæringsstoff treng plantene i til dels svært små mengder, men dei er heilt avhengige av dei. Det er sjeldan mangel på desse stoffa i jorda, men pH-verdien i jorda kan påverke evna plantene har til å ta opp stoffa.
Grunnstoffa som blir rekna som mikronæringsstoff, er jern (Fe), kobbar (Cu), mangan (Mn), bor (B), sink (Zn), molybden (Mo), klor (Cl) og nikkel (Ni).
I plantene kan vi òg finne grunnstoff som ikkje er nødvendige for normal vekst og utvikling. Dei finst i veldig små mengder og følger passivt med jordvæska når plantene tek opp vatn. Dette kan til dømes vere natrium eller aluminium.
- Tørrstoff (ts)
- er det vi sit igjen med når vi tørkar ei plante slik at vatnet er borte. Tørrstoffomgrepet bruker vi ofte i samband med grasdyrking. Til dømes gir vi opp avling i kilo tørrstoff per dekar, og fôropptaket hos mjølkekyr er størst når surfôret har eit tørrstoffinnhald på 30–35 %.
- Essensielle næringsstoff
- er næringsstoff som plantene må ha for normal vekst og utvikling. Dei essensielle næringsstoffa deler vi i makro- og mikronæringsstoff.
- Makronæringsstoff
- er næringsstoff som plantene treng relativt mykje av.
- Mikronæringsstoff
- er næringsstoff som plantene treng i mindre mengde, men som er like viktige som makronæringsstoffa.
Hugsar du kva som er makronæringsstoff og kva som er mikronæringsstoff? Dra tekstboksane til rett omgrep.
Relatert innhald
Erter, linser og bønner er sunne, mettande og billege. Belgvekstane gjer dessutan jorda rik på ein fiffig måte.