Lys
Med daglengde meiner vi kor mange timar vi har lys frå sola, og daglengda er viktig for utviklinga til plantene. Her i Noreg har vi det vi kallar lang dag på sommaren, då er det lyst i mange fleire timar enn det er mørkt. Og jo lenger nord vi kjem, jo lengre blir dagen. På vinteren har vi kort dag, då er det lyst i færre timar enn det er mørkt.
To døme på fasar i utviklinga til plantene som blir styrte av daglengde, er blomstring og bladfelling.
Blomstring
Hos mange planter er det daglengda som fortel plantene når dei skal blomstre. Dei ville blomstrane våre er langdagsplanter, dei blomstrar når dagen er lang, altså på sommaren. Ein periode med høg temperatur i desember vil ikkje lure desse plantene til å blomstre, fordi dagen er for kort. Denne "daglengdekontrollen" er ei slags forsikring dei har, mot å blomstre til feil tid.
Bladfelling
Lauvtrea som høyrer naturleg heime her, vil felle blada når dagen blir kort nok. Sjølv om temperaturen er høg, vil dei felle blada. Dette er ei forsikring mot at blada frys før treet har fått lagra næringa som finst der. Lauvtrea våre trekker nemleg tilbake næringa i dei grøne blada når hausten kjem, det er årsaka til at blada mistar grønfargen. Dersom dei frys grøne, mistar treet mykje næring.
I veksthusproduksjon er det ofte snakket om kortdags- eller langdagsplanter. Det er fordi vi i veksthuset kan lage langdag med kunstig lys når vi vil, til dømes midt i desember. For å lage kortare dagar om sommaren kan vi bruke dukar for å dekke til plantene. Vi kan dermed "lure" plantene til å blomstre uavhengig av årstid.
Julestjerna – ei kortdagsplante
Eit døme på ei plante vi kan lure til å blomstre når vi vil, er julestjerna. Det er ei kortdagsplante, der dagen må vere kortare enn elleve timar for at ho skal danne knoppar og blomstre. Når produksjonen av julestjerner startar i august, er dagen lengre enn tolv timar. Då må gartnaren legge ein duk over plantene slik at dei trur at dagen er kortare enn elleve timar. Ein slik duk blir kalla ein kortdagsduk, og vi seier at vi gjennomfører ei kortdagsbehandling.
Korn – ei langdagsplante
Kornet vi dyrkar her til lands, er døme på langdagsplanter: Dei blomstrar når dagen blir lang og natta kort. I veksthuset kan vi manipulere kornplantene til å blomstre til dømes i januar ved å forlenge dagen med ekstra lys. Det er neppe god økonomi i kornproduksjon i veksthus, men kornforedlarane utnyttar denne mogelegheita når dei jobbar med å utvikle nye kornsortar. Timotei og raudkløver som vi dyrkar i enga, er andre døme på langdagsplanter.
Planter som veks i skuggen, eller i lite lys, prøver å kompensere dette med å strekke seg etter lyset. Slike planter blir lange, tynne og lite robuste. Ved svært lite lys blir dei i tillegg lyse på farge fordi det trengst lys for å danne det grøne klorofyllet. Vi seier at slike planter har ein etiolert vekst. I dei aller fleste tilfella ønsker vi tette og kraftige planter. Då må vi sørge for at dei har nok lys.