Oppgåve
Berekraftige blomstrar?
Korleis påverkar produksjon og sal av blomstrar berekraftig utvikling? Undersøk livsløpet til snittblomstrar eller plantar.
- Vel ein type snittblomster eller plante. Undersøk livsløpet til blomsteren/planten.
Lag ei reiserute på eit verdskart.
- Kva trinn finn du i livsløpet?
- Finn ut kva påverknad kvart av dei ulike trinna i c) har på berekraftig utvikling.
- Diskuter denne påstanden: «Det er lite miljøvennleg å importere snittblomstrar frå land som Kenya og Colombia.»
Bruk éin eller fleire av påstandane nedanfor som utgangspunkt for ein diskusjon.
Det er betre for klimaet å kjøpe blomstrar som er produserte i Tanzania, enn å dyrke blomstrar i drivhus her heime.
Blomstrar av silke er meir miljøvennleg enn levande blomstrar.
Det er miljøvennleg å bruke oasis fordi det gjer at plantane lever lenger.