Respirasjon
Respirasjon blir óg kalla anding, og det skjer i alle planteceller, i både blad, stengel og røter. I prosessen blir dei energirike sambanda frå fotosyntesen brotne ned til karbondioksid (CO2) og vatn (H2O), og det blir frigjort energi. Respirasjonen føregår i cellenes mitokondriar. Sluttproduktet i respirasjonen til plantene er altså karbondioksid og vatn og energi, det same som går inn i fotosyntesen. Derfor kallar vi respirasjon ei reversering av fotosyntesen.
Tenk gjennom!
Er fotosyntese og respirasjon/celleanding motsette prosessar?
Samanlikn fotosyntese og respirasjon. Kva likskapar og forskjellar finn de når det gjeld
kva stoff som inngår
kvar i plantene prosessane skjer
når prosessane skjer
Den energien som blir frigjord i respirasjonen, bruker plantene til livsaktivitet som til dømes blomstring, fruktsetjing eller stofftransport. Det blir frigjort mest energi gjennom respirasjonen i plantedelar med sterk vekst, for der er energibehovet størst.
Respirasjonen er, i motsetning til fotosyntesen, ikkje avhengig av lys, og han held fram sjølv etter at vi har hausta graset, kornet, potetane, grønsakene eller epla. Etter hausting held respirasjonen fram heilt til produktet er øydelagt dersom vi ikkje lagrar det på rett måte. Vi må derfor lagre det slik at respirasjonen blir bremsa eller stoppa.
Det er to måtar å bremse respirasjonen på:
låg temperatur
tørking
Ved låge temperaturar går respirasjonen svært langsamt. Det er årsaka til at poteter, grønsaker og frukt bør lagrast kaldt. Korn og høy er døme der respirasjonen blir bremsa fordi vi tørkar produktet. Når det gjeld surfôr, som oftast utgjer størstedelen av fôret for mjølkekyr, stoppar vi prosessen ved å senke pH. Dette hemmar mellom anna enzyma som er aktive under respirasjon.
Ta stilling til påstandane. Kva er sant, og kva er usant om respirasjon?