Hopp til innhald
Fagartikkel

Transport i planter

Planter må ha vatn og næringsstoff for å leve, vekse og formeire seg. Desse stoffa blir transporterte gjennom vedvev og silvev i plantene, ved hjelp av tre ulike krefter: osmose, kapillarkrefter og transpirasjon.

To transportvegar

Det er to transportvegar i planta:

  • Gjennom silvevet. Her blir sukker frå fotosyntesen transportert. Det går frå blada og ut i vekstsoner som skot og frukt eller ned i rota.

  • Gjennom vedvevet. Her blir vatn og næringsstoff frå rota transporterte ut til vekstpunkt og blad. Der blir næringsstoffa brukte til fotosyntesen og for å bygge planteprotein. Næringsstoffa blir transporterte med vatnet, og transporten stoppar om det blir mangel på vatn.

Tre viktige krefter

Det er tre viktige krefter som gjer at plantene klarer å transportere vatn og næring:

  1. Osmose
    Enkelt forklart er det slik at næringsstoffa først blir transporterte inn. Dette gjer at konsentrasjonen av stoff blir større inne i rota enn utanfor, og vatn strøymer inn og oppover i rota, slik at forskjellen i konsentrasjon blir jamna ut (osmose).

  2. Kapillarkreftene
    Dette er kreftene som gjer at det er lettare å suge vatn opp i eit tynt sugerøyr enn i eit tjukt sugerøyr. Vatnet står høgare i tynne røyr enn i røyr som har større diameter. Både silvevet og vedvevet er veldig tynne røyr, derfor verkar kapillarkreftene på vatnet.

  3. Transpirasjon og undertrykk
    Når vatn fordampar frå blada, blir det skapt eit undertrykk som trekker vatnet opp. Vatn er polart. Det vil seie at det har ei positiv og ei negativ side, ein plusspol og ein minuspol. Vi kan seie at vatnet på ein måte er magnetisk, og at vassmolekyla heng saman, pluss mot minus. Når vatnet blir transportert oppover i dei tynne røyra, heng vassmolekyla etter kvarandre som perler på ei snor.

Kapillarkrefter gjer at væske blir soge opp i eit tynt røyr. Det verkar krefter mellom vassmolekyla og veggen i røyret (adhesjon) og krefter mellom dei enkelte vassmolekyla (kohesjon). Video: Johan Vikan / CC BY-SA 4.0

Oppsummering av vasstransport i planter

Viktige omgrep

Vedvev
transporterer vatn og næring frå rota og opp i blad og skot.
Silvev
er den delen av plantene som transporterer sukker frå produksjonsstaden og ut til plantedelar der sukkeret trengst.
Osmose
er når vatn går frå ein stad til ein annan for å jamne ut konsentrasjonen av stoff på to ulike stader.
Adhesjon
er ei tiltrekkingskraft som verkar mellom vatn og ei overflate.
Kohesjon
er ei kraft som bind saman vassmolekyl. Dette er sterke krefter som kjem av dei sterke hydrogenbindingane mellom vassmolekyla.
Kapillarkrefter
gjer at væsker blir sogne opp i porøse materiale. Til dømes vil du viss du legg hjørnet av eit handkle i vatn, sjå at vatnet blir trekt oppover i handkleet. Det er summen av adhesjons- og kohesjonskreftene som utgjer kapillarkrafta.
Transpirasjon
vil seie at vatn fordampar frå overflata på ei plante. Det meste av transpirasjonen skjer frå spesielle opningar, såkalla spalteopningar, i blada. Transpirasjon er ein konsekvens av at spalteopningene må haldast opne for at karbondioksid skal kunne diffundere inn i bladet.

Oppgåve

Dra og slepp omgrepa til rett del på planta.

CC BY-SA 4.0Skrive av Simon Østmoe og Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2023