Hopp til innhald

Fagstoff

Grøne gründerar

Fleire og fleire gründerar har forretningsidéar som tek utgangspunkt i berekraftsutfordringar. Her har vi samla fem døme på grøne gründerar.
Ikon for dei 17 temaa i FNs berekraftsmål. Grafikk.

Grøn gründerskap

I eit samfunn med auka fokus på berekraftig utvikling er det ein stadig større marknad for forretningsidéar som tek utgangspunkt i miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.

Grøn gründerskap kan til dømes knytast til teknologi for fornybar energi eller løysingar for å redusere avfall og klimautslepp. Sophie Wiik, gründer av Too Good To Go, er ein av mange som har sett forretningsmogelegheiter i berekraftsutfordringane. Ho meiner det er ein stor marknad for grøn gründerskap og har uttalt følgande:

FNs bærekraftsmål og miljøproblemene vi står overfor i dag, er verdens største forretningsmulighet. Det er der problemene er at vi kan finne løsningene. Og dette er noen av de største problemene vi står overfor i dag. Dermed er det der det er flest løsninger også, og masse potensial og muligheter. Det er vi som må rydde opp i det.

1. Northern Playground

Ein tilsett i Northern Playground sin konseptbutikk i Oslo viser tommelen opp. Ho står ved ein disk og er omgitt av plakatar med slagord og bilete. I rommet er det hyller med klede, men òg eit bord med symaskin og strykejern. Foto.

Northern Playground er eit klesmerke som har bygd forretningsidéen sin rundt eit aukande ønske i samfunnet om å bidra til å redusere verdas klesforbruk. Northern Playground seier sjølv at kleda deira ikkje er berekraftige og oppmodar oss til å kjøpe mindre og leike meir. Dei har òg uttalt at dei ønsker å forandre klesbransjen.

Nothern Playground tilbyr livtidsservice med gratis reparasjon av kleda dei sel. Dei vektlegg slitesterke materiale og tidlaust design, slik at kleda får så lang levetid som mogleg.

På nettsida si skriv Northern Playground:

Vår visjon er derfor å redusere verdens klesforbruk. Det gjør vi ved å utfordre hele forretningsmodellen til tekstilbransjen. Mens "alle" andre jobber for å fortelle deg at årets produkter er bedre enn fjorårets, skal vi jobbe for at du beholder klærne dine lenge. Helst for alltid. Fordi ingen bærekraftstiltak gjør noen forskjell så lenge produksjonen øker og øker. Noen må si det som det er: Volumet må ned!

Gründer Egil Tobiassen smiler til kamera. Han har kort skjegg, rufsete hår, svart t-skjorte, grå skjorte og eit stort smil. Foto.

Ifølge Jo Egil Tobiassen, gründer i Northern Playground, er det ikkje måten vi produserer eit enkeltprodukt på som skaper den store krisen, men det enorme volumet.

Northern Playground har fokus på berekraft i alle ledd, noko Jo Egil fortel meir om i podkasten nedanfor.

Økologisk konsept med grøn by på jorda. Foto.

Grøne gründerar

I denne episoden skal vi besøke Jo Egil Tobiassen i Northern Playground. Dei reklamerer med at vi må kjøpe mindre. Kva gjer Jo Egil og Northern Playground for å bli mest mogleg berekraftige?

0:00
-0:00

Tenk over

Gir det meining at at ei verksemd som produserer klede, har som visjon å redusere verdas klesforbruk?

2. Martin Skadal

Martin Skadal. Ung mann sit smilande med armane i kross. Foto.

Martin Skadal er ein gründer som har starta opp fleire ulike verksemder innan sosialt entreprenørskap, mellom anna den frivillige nettverksorganisasjonen World Saving Hustle og Altruism for Youth.

I tillegg er Martin podkastvert for podkasten Hjertesaker. Han meiner at gründerskapen hans blir kjenneteikna av altruisme, som handlar om å gjere ting for å hjelpe andre og gjere verda til ein betre stad. Martin har tru på at enkelmenneske kan gjere ein forskjell og kjempe mot urettferdig behandling av natur, dyr og menneske.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Grøn marknadsføring for ei betre verd

Martin Skadal er 25 år, bur i Bergen og leier i dag to frivillige organisasjonar. Den eine heiter World Saving Hustle og den andre Altruism for Youth. I tillegg har han ein "start-up" innanfor media s...

0:00
-0:00

Tenk over

Kva kjenneteiknar Martin Skadal sin gründerskap?

3. Radical Broccoli

Boka *Jordnært – Enkle tips til en mer miljøvennlig hverdag* skriven av søstrene Susanne og Annette Bastviken, som som står bak Radical Broccoli, ligg på eit kvitt underlag ved sida av ein krystall og ein plante. Foto.

Susanne og Annette Bastviken er søstrer og influensarar og står bak aksjeselskapet Radical Broccoli. Visjonen til Radical Broccoli er å gjere det trendy, gøy og lett å ha ein miljøvennleg livsstil og ta godt vare på seg sjølv. Søstrene har sterk tru på at det som er bra for oss, er bra for planeten også.

Radical Broccoli er eit selskap som er aktivt via sosiale medium. Dei har òg eigen podkast, nettbutikk, medlemsportal på nett og arrangerer ulike events. I tillegg har søstrene gitt ut boka Jordnært – Enkle tips til en mer miljøvennlig hverdag.

I 2019 blei Anette og Susanne nominerte til leiarstjerner i ei årleg kåring av Dagens næringsliv. I denne kåringa blir 30 leiarar under 30 år som fokuserer på FNs berekraftsmål, løfta fram.

Radical Broccoli har samarbeidd med store aktørar som Gunnhild Stordalens EAT, Rema og WWF.

Tenk over

Radical Broccoli sin visjon:

å gjøre det trendy, gøy og lett å ha en miljøvennlig livsstil og ta godt vare på seg selv

Korleis blir denne visjonen spegla i gründerskapen deira?

4. Healthy EATS

Healthy EATS-gründerane Vilde Regine Tellnes og Arve Førland står framfor ein Healthy EATS Food Wall (matvegg). Dei har på seg kvar si t-skjorte med Healthy EATS-logo. Foto.

For mange er det ei utfordring å klare å ete sunn mat i ein travel kvardag. Gründerane Vilde Regine Tellnes og Arve Førland starta derfor Healthy EATS, som har som forretningskonsept å gjere sunn hurtigmat tilgjengeleg og tidssparande.

På ulike lokasjonar i Noreg har Healthy EATS såkalla Healthy EATS Food Walls (matvegger). Dette er sjølvbetente smartkjøleskap som består av 48 glassluker med sunn og næringsrik mat og drikke. Sjå meir om konseptet til Healthy EATS i filmen nedanfor.

Tenk over

Har du tru på forretningsidéen til Healthy EATS?

5. Tise

Jenny Skavlan står framfor eit stativ med klede. Det ser ut som om ho snakkar til ei forsamling, sidan ho har ein myggmikrofon på seg og gestikulerer med hendene. Foto.

Gjenbruk er berekraftig, og mange ser på gjenbruk som tidsriktig og spennande. Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykker, klokker, kunst og diverse interiør.

Tise meiner dei kan gjere gjenbruk morosamare og meir inspirerande.

Tenk over

Kvifor trur du Tise har lykkast med forretningsidéen sin?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2023

Læringsressursar

Visjon, forretningsidé og mål