Oppgåve
Vurdere overordna strategiar
I denne oppgåva skal du gjere greie for og vurdere overordna strategiar.
Gjer greie for tre hovudtypar overordna strategiar.
Ta utgangspunkt i det du veit om Freia frå før, og gå inn på nettsida til Freia for å gjere deg ytterlegare kjend med Freia si verksemd. Gjer greie for det du trur kan vere overordna strategiar for ei verksemd som Freia. Grunngi.
I juni 2023 var det fleire verksemder som boikotta Freia sine produkt. Kva var årsaka til boikotten? På kva for måtar kan slike boikottar påverke val av strategiar for verksemda?
Ta utgangspunkt i ei valfri verksemd, og vurder kva strategiar verksemda kan bruke for å nå det du går ut i frå er dei overordna måla deira.
Relatert innhald
Fagstoff
Overordna strategiarHer skal vi sjå på tre hovudtypar av overordna strategiar: vekststrategiar, integrasjon og konkurransestrategiar.