Hopp til innhald
Oppgåve

Frå idé til visjon og forretningsidé

Ved hjelp av innovasjon kjem nye idéar til. Ved å formulere ein forretningsidé kan vi vise korleis vi kan tene pengar på den nye idéen. Den langsiktige draumen vår med forretningsidéen formulerer vi som ein visjon.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve 1

  1. Sjå videoen ovanfor. Skriv ned stikkord frå det dei seier om kva som er ein god idé, og korleis du skal lykkast med idéen.

  2. Formuler forslag til visjon og forretningsidé for verksemdene Praktisk Utdanning AS, Knit & Note AS, Master Blaster AS og Validé AS. Bruk informasjonen frå videoen ovanfor.

  3. Finn den faktiske visjonen for verksemda på nettsida til Praktisk Utdanning AS.

  • Vurder visjonen til Praktisk Utdanning AS.

  • Samanlikn den faktiske visjonen som kjem fram på nettsida med ditt eige forslag til visjon. Kva synest du er best av dei to – den faktiske visjonen eller ditt eige forslag? Grunngi.

  • Etter å ha vurdert begge versjonane skal du no formulere ein tredje versjon av visjonar for Praktisk Utdanning AS.

Oppgåve 2

Drøft påstanden: "Det er sjeldan at ein forretningsidé er så briljant, at idéen i seg sjølv gjer at du lykkast".

Oppgåve 3

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
  1. Sjå filmen og noter stikkord om innovasjon.

  2. Forklar korleis batteriindustrien i Noreg kan påverke samfunnet på ulike måtar.

  3. Gründeren Elon Musk blir introdusert i starten av filmen. Gjer greie for Elon Musk sin gründerskap, og forklar korleis han har påverka andre gründerar, verksemder og samfunnet som heilskap.

  4. Elon Musk har bidrege til å transformere bilindustrien gjennom verksemda Tesla. Skriv ned det du meiner er ei passande formulering av Teslas visjon og forretningsidé.

  5. På kva måtar er Tesla-konseptet nytenkande og berekraftig? Drøft og grunngi.

  6. "Berekraft = business", blir det sagt i filmen. Gjer greie for kva som er meint med dette.

  7. Diskuter svara dykkar i klassen.