TYGG
Det meste av dagens tyggegummi inneheld plast. Karine og Mads, som nettopp er ferdig utdanna marknadsførarar, ønsker å starte opp ei verksemd som skal tilby ein tyggegummi utan plast. Dei vel å kalle den nye verksemda TYGG.
Karine og Mads har lese seg opp på tyggegummi. Dei har mellom anna funne ut at tyggegummi blei patentert i 1869 av tannlegen William Semple i USA, og at tyggegummien då bestod av ei blanding gummi, lakris, krit og trekol. Etter kvart blei det vanleg å framstille tyggegummi av chicle, ein naturleg plantegummi frå sapodilletreet. Karine og Mads bestemmer seg for å satse på plantegummi i tyggegummien sin. Sidan midten av 1900-talet har dei fleste tyggegummiar blitt produserte med plaststoff som polyvinylacetat, polyisobutylen, butylgummi, polyvinyletere eller butadienstyrengummi.
Nokre tyggegummiar inneheld syntetiske antioksidantar, som er omdiskutert på grunn av mogleg kreftframkallende og hormonforstyrrande verknad. Dette har òg medverka til at Karine og Mads no ønsker å utvikle ein ny type tyggegummi.
Brukt tyggegummi som blir kasta i naturen, kan vere til skade for dyreliv, og kan i nokre tilfelle danne mikroplast. Karine og Mads har derfor lyst til å utvikle ein nedbrytbar, plantebasert og plastfri tyggegummi.
Utvikle ein visjon for TYGG.
Formuler ein forretningsidé for TYGG.
Utvikle overordna mål for TYGG.
Drøft korleis TYGG kan nå dei overordna måla sine. Kva for overordna strategiar kan dei bruke for å nå måla?