Hopp til innhald

Fagstoff

Overordna mål

Overordna mål er viktige som eit strategisk styringsverktøy for å realisere visjonen og forretningsidéen til verksemda.

Kva er overordna mål?

Eit mål er ein ønskt tilstand eller eit ønskt resultat på eit framtidig tidspunkt. Overordna mål er langsiktige, overgripande mål som dannar grunnlaget for strategiane og handlingane til verksemda. Dei overordna måla blir støtta opp med fleire og ofte meir konkrete delmål.

Det er naturleg at mange av dei overordna måla er økonomiske mål som er direkte eller indirekte knytte opp mot økonomien til verksemda. Men mange verksemder har òg ideelle mål, som til dømes er knytte til å ta samfunnsansvar.

Måla kan anten vere kvantitative eller kvalitative. Dei måla som kan talfestast, er kvantitative mål.

Tematikk for overordna mål

Dei overordna måla bør dekke heile breidda av verksemda sine satsningsområde, og kan til dømes handle om

  • omsetning, kostnader og lønnsemd

  • marknadsdel

  • kundetilfredsheit

  • innovasjon

  • tilfredsheita og trivselen til tilsette

  • mangfald og inkludering

  • samfunnsansvar og berekraft

Kahoot sin logo. Namnet "Kahoot" er skrive i lilla på grå bakgrunn. Foto.

Omsetning, kostnader og lønnsemd

Lønnsemd er éin indikator på suksess og blir derfor ofte, saman med storleiken på omsetninga og kostnadene, formulert som eit overordna mål. Som eit døme hadde Kahoot ei målsetjing om ei omsetning på mellom 190 og 200 millionar dollar i 2022.

Karl Munthe-Kaas, administrerande direktør og medgründer i Oda, sit smilande i svart kjeledress i ein av dei gule lastebilane til Oda, som dei bruker til å frakte daglegvarene dei sel på nett. Foto.

Marknadsdel

Mange verksemder har som mål å auke sin del av marknaden. I daglegvarebransjen er dette vanleg, og som eit døme har Oda som mål å nå ein marknadsdel på minst 10 %.

Kundetilfredsheit

Kundetilfredsheit er avgjerande for langvarig suksess. Ved å setje kundetilfredsheit som eit overordna mål vil verksemda ha fokus på å tilby produkt og tenester av høg kvalitet som møter behov og ønske frå kundane. Som eit døme har Gjensidige eit overordna mål om å ha ei kundetilfredsheit på over 78 av 100 innan 2025, og kundebevaring i Noreg på over 90 % og i utlandet på over 85 %.

Innovasjon

Innovasjon er ein viktig drivar for framgang og vekst i verksemder. Å ha eit overordna mål om å auke innovasjonen kan føre til utvikling av nye produkt, tenester eller prosessar som gir konkurransefortrinn. Som døme har Eidsiva Energi eit innovasjonsmål om "innen 2025 å skape en levende portefølje av vekstcaser, å være i prosess med etablering av ett nytt virksomhetsområde, og å ha en ny vesentlig inntektsstrøm fra nye produkter, kundegrupper eller tjenester."

Tilfredse tilsette er ofte meir produktive og bidreg til ein positiv arbeidskultur. Å ha dette som eit overordna mål kan føre til at verksemda legg vekt på å tilby gode arbeidsforhold, fordelar og utviklingsmogelegheiter for tilsette. Som eit døme har Romarheim-gruppa, som er leverandør av forskalingsmateriell, eit overordna mål om å utvikle eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, skape trivsel, førebygge helseskadar/arbeidsulykker, og dessutan å sikre at lover og forskrifter er oppfylt.

Logoen til DNB på murvegg. Foto.

Mangfald og inkludering

Eit arbeidsliv med eit mangfald av menneske med ulike kjønn og språkkunnskapar, ulik bakgrunn og kulturell forståing kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping. Som eit døme har DNB som målsetjing at kjønnsfordelinga blant leiarar i DNB skal vere 40/60 uavhengig av kjønn på alle leiarnivå.

Samfunnsansvar og berekraft

Logoen til Telenor med neonlys. Foto.

Verksemder har ofte eit ansvar for å bidra positivt til samfunnet. Å ha dette som eit overordna mål kan bety at verksemda fokuserer på å vere berekraftig og miljøvennleg, og å gi tilbake til samfunnet gjennom velgjerd eller frivillig arbeid. Som eit døme har Telenor som mål å bli karbon-nøytrale innan 2030, og dessutan bruke teknologi til ytterlegare å bidra til grøne løysingar.

Korleis utvikle overordna mål?

Når vi har utvikla ein visjon og ein forretningsidé, må vi starte arbeidet med å utvikle overordna mål som skal vere eit styringsverktøy for strategien for verksemda.

Dei overordna måla skal saman med visjonen og forretningsidéen gi retning for utviklingsarbeidet for verksemda. Kvar ønsker verksemda å gå? Kva og kven vil dei bli? Måla må vere ein integrert del av kulturen og strategien for verksemda.

Forankring i verksemda

Det er viktig å skape eigarskap til måla internt i verksemda. Derfor bør ein utviklingsprosess involvere flest mogleg tilsette på ein formålstenleg måte.

Dei overordna måla bør òg kommuniserast klart og tydeleg til alle tilsette. Ein bør sørge for at alle har ei klar forståing av korleis arbeidet deira bidreg til å nå desse måla. Dette vil hjelpe til å motivere teamet til å jobbe saman mot felles mål.

SMART-modellen

Ved utforming av mål kan vi bruke SMART-modellen, som seier at mål bør vere spesifikke, målbare, attraktive, realistiske og tidsavgrensa. Les meir om SMART-modellen i artikkelen "Å formulere mål".

Vurdere mål

Når vi skal vurdere dei overordna måla til ei verksemd, kan vi ta utgangspunkt i SMART-modellen og sjekke om kvart enkelt mål er spesifikt, målbart, attraktivt, realistisk og tidsavgrensa. I tillegg må dei overordna måla vere konsistente. Med det meiner vi at måla må kunne oppnåast samtidig, at dei ikkje motarbeider kvarandre.

Måloppnåing

For å kunne vurdere i kva grad verksemda har klart å oppnå dei overordna måla sine, må vi ha tilgang til statistikk og nøkkeltal. Jamleg analyse av nøkkeltal kan gi verksemda eit innblikk i om dei har ein tilfredsstillande progresjon mot målet. Det bør haldast regelmessige møte for å diskutere framtida og eventuelle utfordringar.

Overordna mål skal vere langsiktige, men ved endringar i situasjonen for verksemda eller i marknaden kan det likevel vere behov for å justere måla.

Døme – NRK

Dei overordna måla til NRK skal gi retning for kva innhald som blir produsert.

NRK sine overordna mål (2023)

  • NRK styrker og utviklar demokratiet.

  • NRK løftar og gjer både den norske og den samiske kulturen rik. Det same gjeld det norske og det samiske språket.

  • NRK samlar og engasjerer alle som bur i Noreg.

  • NRK skaper store fellesopplevingar.

  • NRK er først med det siste, forklarer og viser samanhengar.

  • NRK begeistrar med innhald ingen andre lagar.

  • NRK er attraktiv for kvar nye generasjon.

Drøft

Drøft om dei overordna måla til NRK er

  • økonomiske eller ideelle

  • konsistente

  • i samsvar med SMART-modellen

På kva måte synest du innhaldet på NRK innfrir måla? Gi døme.

Kjelder

DNB-konsernet (2022). Årsrapport 2021.
https://www.ir.dnb.no/sites/default/files/DNB_Arsrapport_2021.pdf

Eidsiva Energi (2020). Årsrapport 2019. https://www.eidsiva.no/globalassets/dokumenter/arsrapport-2019-eidsiva_energi.pdf

Finansavisen. (2021, 8. september). Kahoots omsetningsmål for 2022. https://www.finansavisen.no/nyheter/bors/2021/09/08/7733458/kahoots-omsetningsmal-for-2022

Gjensidige. (u.å). Gjensidiges strategi 2020–2025. Henta 13. april 2023 fra https://www.gjensidige.no/konsern/om-oss/strategi-og-m%C3%A5l

Lorentzen, B. / Romarheim-gruppen (2020). HMS politikk https://www.romarheim.no/uploads/1/0/7/9/107952887/hms_politikk.pdf

NRK. (u.å). Dette er NRKs strategi. Henta 13. april 2023 frå https://info.nrk.no/strategi/

NTB Kommunikasjon. (2022, 19. januar). Historisk år for Oda: vokste med halv milliard i 2021. https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/historisk-ar-for-oda-vokste-med-halv-milliard-i-2021?publisherId=12583954&releaseId=17924454

Telenor. (u.å). Vår strategi. Henta 13. april 2023 frå https://www.telenor.no/om/samfunnsansvar/artikler/varstrategi.jsp

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2023

Læringsressursar

Visjon, forretningsidé og mål