THINKY
Når det gjeld bilproduksjon, har ikkje Noreg lykkast heilt – ikkje endå – trass i fleire forsøk. Johan og Knut, som nettopp er ferdig utdanna marknadsførarar, ønsker å starte opp ei verksemd som skal tilby ein ny, norsk elektrisk mopedbil. Dei vel å kalle den nye verksemda si THINKY.
Johan og Knut har lese seg opp på elbilar. Dei har mellom anna latt seg fasinere av den tidlegare norske batteridrivne bilen Think. Think er eit tidlegare norsk bilmerke som blei produsert mellom 1999 og 2011. Elbilen Think City var ein tosetars elektrisk bybil med framhjulsdrift og karrosseri av termoplast. Think-verksemda blei slått konkurs tre gonger.
Johan og Knut har lagt merke til at det er aukande interesse for mopedbilar, sidan ein kan køyre mopedbil etter godkjend opplæring frå fylte 16 år. Mopedbilen liknar på ein liten personbil, men har ein toppfart på berre 45 km/t.
Sjølv om tidlegare norske bilmerke, som Think, ikkje har lykkast heilt, har THINKY-gründerane Johan og Karl stor tru på at THINKY kan bli ei sterk merkevare i mopedbilmarknaden.
Utvikle ein visjon for THINKY.
Formuler ein forretningsidé for THINKY.
Utvikle overordna mål for THINKY.
Drøft korleis THINKY kan nå dei overordna måla sine. Kva overordna strategiar kan dei bruke for å nå måla?