Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utvikle ein berekraftig forretningsidé

No skal de gå inn i rolla som grøne gründerar. De skal jobbe kreativt og skapande ved å utvikle ein forretningsidé som tek utgangspunkt i berekraftsutfordringar. Pitch forretningsidéen for klassen og/eller ein jury.
To gründerar jobbar ved eit stort bord. Dei gir ein "high five" til kvarandre. Den eine av dei held ein pc i den eine handa. Den tredje gründeren i rommet sit i vindaugskarmen og gir den fulle støtta si ved hjelp av eit stort smil og positivt kroppsspråk. Det står vassflasker, koppar og glas på bordet. Det ligg òg skrivesaker der, og ein pc er plassert i midten.  På ein av veggene er det klistra opp post-it-lappar i ulike fargar. Foto.
Tips til lærar

Del elevane inn i grupper på 3–4 personar.

Lag gjerne nokre stoppunkt undervegs i form av små innleveringar, korte presentasjonar eller innspeling av videosnutar. Alternativt kan elevane skrive ein rapport på slutten av kvar veke eller ein logg gjennom heile prosessen.

I oppgåve 3 er det tenkt at arbeidet med å teste ut idéen blir gjort veldig enkelt, men du kan òg velje å gjere arbeidet med marknadsundersøkingar meir omfattande.

Kor omfattande arbeidet med å lage skisser og prototypar i oppgåve 4 skal vere, må tilpassast det de meiner er formålstenleg tidsbruk.

I oppgåve 5, der elevane skal pitche idéen sin, kan de til dømes ha ein intern konkurranse på skulen med jurymedlemmer frå næringslivet.

Oppgåve 1. Idèmyldring

  • Sjå filmen Fremtidens grønne jobber nedanfor.

  • Kom opp med idéar til ein forretningsidé som tek utgangspunkt i ein eller fleire berekraftsutfordringar. Skriv ned minst ti ulike idéar, bruk gjerne post-it-lappar. Nedanfor finn de ulike kreativitetsøvingar som kan vere til hjelp.

Artiklar med tips til ulike kreativitetsøvingar

Brainstorming

Slumpord med FNs berekraftsmål

Kleshengjar

Idédugnad ved hjelp av tankekart

1 + 1 = 3

Rollespel og idéutvikling

NABC-metoden

Oppgåve 2. Idéutveljing

  • Vel ut tre av idéane frå idémyldringa de kan undersøke og vurdere nærare. Kanskje de vil kombinere fleire idéar?

  • Vel ut éin av idéane og formuler ein forretningsidé.

Tips til utforming av forretningsidé

Forretningsidéen skal formidle kva verksemda skal gjere, for kven og korleis. Forretningsidéen bør òg få fram det unike eller heilt spesielle ved idéen for verksemda.

Forretningsidéen bør altså gi svar på følgande spørsmål:

  • Kva behov skal vi tilfredsstille?

  • Kva produkt skal vi tilby?

  • Kven skal kjøpe produkta?

  • Kvifor skal kundar kjøpe produkta våre?

  • Forklar kvifor produktet er berekraftig, og om det passar inn i ein sirkulær økonomi. Kva for eit / kva nokon av FNs berekraftsmål tek idéen utgangspunkt i?

FNs 17 berekraftsmål illustrerte med figurar/logoar og tekst. Illustrasjon.

Oppgåve 3. Undersøk marknaden og test ut forretningsidéen

  • Finst det allereie liknande produkt?

  • Kva skil idéen dykkar frå det som allereie finst?

  • Kvifor skal kundar heller velje dykk?

  • Er det behov for idéen?

For å teste idéar blir det ofte gjennomført marknadsundersøkingar. Det kan gjerast på fleire måtar. I denne oppgåva kan de gjere det veldig enkelt ved til dømes å teste idéen på medelevar, lærarar og/eller vener.

Oppgåve 4. Lag skisse og prototype

Lag skisse eller prototype som kan illustrere forretningsidéen.

Hugs å ta omsyn til dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling i produktutforminga: miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.

Oppgåve 5: Pitch idéen

Pitch idéen for klassen og/eller ein jury. Opne opp for spørsmål og kommentarar frå dei andre i klassen og/eller juryen.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng .
Sist fagleg oppdatert 10.05.2023

Læringsressursar

Visjon, forretningsidé og mål