Hopp til innhald

Fagstoff

Visjon

"En verden der alles barns rettigheter blir innfridd". Dette er visjonen til UNICEF Norge. Han har som hensikt å engasjere både medarbeidarar og givarar. Ein god visjon speglar ambisjonane og verdiane for verksemda og skal inspirere dei tilsette til å jobbe mot eit felles mål.

Kva er ein visjon?

Ein visjon er ei beskriving av det ultimate målet eller av draumen ei verksemd ønsker å nå på lang sikt. Visjonen bør samle alle i verksemda rundt eit felles bilete av kvar dei skal, og han bør gi retning for alle aktivitetar. Ein visjon kan slik gi ei kjensle av meining og formål for alle i verksemda. Han kan òg gi ei felles forståing og ein motivasjon for å arbeide mot det same målet. Visjonen er altså ein viktig byggestein for at ei verksemd skal lykkast over tid.

En visjon er svaret på hvorfor vi går på arbeid – en kort, energigivende setning som forteller oss hvorfor vi finnes til, og hvor vi skal reise sammen.

Sitatet ovanfor er av forfattar og marknadsfører Ingebrigt Steen Jensen. Han meiner at ein visjon ikkje treng å vere målbar. Han treng ikkje ein gong å nåast, men skal gi krefter til å vilje nå lenger. Alle verksemder bør drivast av ein visjon. Det gjeld ikkje berre om å ha ein visjon, men bedrifta må vera driven av visjonen, som bør vere innarbeidd blant alle dei tilsette.

Parade i Disney World, Florida. Fleire tilskodarar ser på at Disney-figuren Timmy Grashoppe går forbi dei i paraden. Foto.

Visjonen skal beskrive kva verksemda ønsker å oppnå, og gjerne korleis dei ønsker å påverke verda rundt. Ein visjon kan dermed òg brukast som eit verktøy for å kommunisere verdiar og målsetjingar til kundar, partnarar og interessentar. På denne måten kan visjonen vere med på å skape ein unik identitet for verksemda og bidra til at ho skil seg ut frå andre aktørar i marknaden.

Korleis utvikle ein visjon?

Å utvikle ein visjon er ein viktig del av strategiprosessen til ei verksemd. Strategiprosessar startar ofte med ei kartlegging av nosituasjon. Med utgangspunkt i nosituasjonen bestemmer verksemda seg for kvar ho ønsker å vere på lang sikt. Dette er utgangspunktet for innhaldet i visjonen.

Formulering

Når vi skal formulere ein visjon, må vi hugse at ambisjonane, måla og verdiane til verksemda bør komme tydeleg fram. Han bør òg opplevast som motiverande for alle tilsette og peike ut retning for verksemda. Det mest utfordrande er kanskje å formulere kort noko som er meiningsfylt og i ei form som gjer visjonen enkel å hugse.

NDLA sin visjon

Nasjonal digital læringsarena (NDLA), produsent av denne og andre digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring, har følgande visjon:

Sammen skaper vi framtidas læring.

Visjonen gir eit bilete av framtida NDLA ønsker å skape, ein draum å strekke seg etter, og seier kva NDLA jobbar mot:

  • sammen skaper – læringsressursar blir skapte i eit samarbeid mellom lærarar, fagpersonar, bransjen og elevar

  • framtidas – alltid utnytte mogelegheitene ny teknologi gir

  • læring – læring for alle, uansett bakgrunn, skule, utdanningsprogram og lokasjon

Forankring i verksemda

Det er viktig å forankre visjonen i heile verksemda. Alle tilsette bør ha ein eigarskap til visjonen. Ved utarbeiding av ny versjon bør vi derfor involvere heile verksemda. Det kan gjerast på mange ulike måtar, som til dømes å arrangere workshops der tilsette får vere med å bidra med idéar til visjonen.

Kjenneteikn på ein god visjon

Kva som er ein god visjon, vil avhenge av verksemda. Nokre kjenneteikn på ein god visjon kan vere at han

  • er ambisiøs og utfordrar verksemda

  • er framtidsretta

  • gir meining både internt og eksternt

  • er inspirerande

  • formidlar verdiar

  • er enkelt formulert

  • er unik

Visjon som leiestjerne

Figur som i boksar viser samanhengen mellom visjon, forretningsidé,  situasjonsanalyse, marknadsplan og aktivitetsplan. Illustrasjon.

Visjonen skal vere styrande for verksemda. Vi kan seie at visjonen skal vere ei leiestjerne. Når ein visjon er på plass, utarbeider vi ein forretningsidé som bygger opp under visjonen.

Når forretningsidéen er klar, set vi opp overordna mål og strategiar for verksemda.

Vi må deretter analysere nosituasjonen, gjerne med ein , før vi kan setje opp ein marknadsplan.

Aktivitetsplanen, som er ein del av marknadsplanen, skal hjelpe verksemda å nå måla sine. Klarer verksemda å nå dei overordna måla, vil ho òg i stor grad realisere visjonen sin.

Ved store endringar i marknadssituasjonen bør verksemda vurdere å fornye visjonen sin.


Kjelde

Jensen, I. S. (2002). Ona fyr – for deg som vil lykkes sammen med andre. Dinamo Forlag.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2023

Læringsressursar

Visjon, forretningsidé og mål