Hopp til innhald
Oppgåve

Vel kommunikasjonsmålgruppe

Kva for nokre kommunikasjonsmålgrupper er rette for ulike kommunikasjonstiltak? Øv dykk på å velje gode kommunikasjonsmålgrupper med hjelp frå fagomgrep og -metodikk.

Oppgåve 1. Høyretelefonar

Bose har komme med ny teknologi i ein av dei mest populære høyretelefonmodellane sine.

  • Formuler eit kommunikasjonsmål.

  • Vel ei kommunikasjonsmålgruppe med utgangspunkt i kundar sin kjennskap til produktet.

Oppgåve 2. Netflix

Netflix har vedteke budsjett for to nye produksjonar i Noreg for eit norsk publikum. Den eine er filmatiseringa av ei barnebok som handlar om ei juleforteljing. Den andre er ein sci-fi-serie om å reise tilbake i tid – til vikingtida.

Ta utgangspunkt i motivasjonen og kjenslene kunden har for produktet, når de vel to kommunikasjonsmålgrupper for dei to nye satsingane til Netflix.

  • Lag personas for dei to kommunikasjonsmålgruppene.

Oppgåve 3. Varm sjokolademjølk med chili

Tine har utvikla ein ny drikk – varm sjokolademjølk med chili. Bruk segmenteringskriterium for å velje tre potensielle kommunikasjonsmålgrupper.

  • Vel ei av kommunikasjonsmålgruppene og gi produktet eit namn som passar målgruppa.

  • Vurder og juster kommunikasjonsmålgruppa med utgangspunkt i avgjerdsrolla til kunden.

  • Skisser ein bodskap og eit kommunikasjonstiltak som kunne passe til kommunikasjonsmålgruppa.

Oppgåve 4. Presenter for klassen

Vel éi av oppgåveløysingane frå oppgåvene ovanfor, presenter og diskuter i grupper og i klassen.

Til slutt – diskuter i klassen kva for nokre faglege teoriar og modellar som var enklast å bruke som støtte i arbeidet med å velje kommunikasjonsmålgrupper.

Relatert innhald

Fagstoff
Vel kommunikasjonsmålgruppe

Kva for målgruppe vel verksemda å kommunisere mot? Kor godt klarer vi å gjere oss kjende med kommunikasjonsmålgruppa?