Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder og formuler kommunikasjonsmål

I denne oppgåva skal de jobbe med å vurdere og formulere kommunikasjonsmål.

Oppgave 1. Sjå reklamefilmen Stjel våre ansatte

  1. Beskriv kort verksemda McDonald's.

  2. Sjå reklamefilmen fleire gonger.

    • Kva er kommunikasjonsmålet til reklamen, tenker de? Formuler eit konkret kommunikasjonsmål.

    • Kven er kommunikasjonsmålgruppa?

    • Kva er bodskapen?

    • Kva for verkemiddel blir brukte?

  3. Beskriv reklamefilmen og vurder han: Kor godt fungerer reklamen for kommunikasjonsmålet? Kvifor?

Oppgåve 2. Diskuter i grupper

Sju ungdommar sit ved eit rundt bord. På bordet ligg det mange lesebøker og skrivebøker. Ein vaksen person står òg ved bordet. Foto

Vel ein eller fleire av diskusjonsoppgåvene nedanfor. Bruk fagomgrep aktivt i diskusjonane. Ha gjerne ei oppsummering i klassen til slutt.

  • Ein sjokoladefabrikk har innovasjon som ein av sine verdiar, og lanserer jamleg nye produkt.

    • Kva føringar gir dette for kommunikasjonsstrategiane til sjokoladefabrikken?

    • Diskuter og formuler moglege kommunikasjonsmål for sjokoladefabrikken.

  • Hurtigmatkjeder er kjende for låge lønningar og stressande arbeidsforhold.

    • Diskuter korleis kommunikasjonstiltak kan vinkle eit negativt omdømme til å bli positivt.

    • Korleis synest de McDonald's lykkast med dette i reklamefilmen sin?

  • Vel ein film de har sett der hovudrollekarakterane er leiketøysfigurar. Sjå traileren.

    • Diskuter kva kommunikasjonsmål som kan ligge bak ei så stor satsing som ein spelefilm.

Oppgåve 3. Reflekter over reklamen

Reklame for Gilde frå 1977. Ei kvinne har på seg eit forkle og smiler mot kamera. Ho held ei steikepanne fylt med pølser. Framfor henne på bordet er det laga fleire fat med kjøttprodukt. Eit lite barn står tett inntil kvinna, held i henne og smiler mot kamera. Endå eit barn kjem til syne i døra i bakgrunnen.I bakgrunnen sit òg tre vaksne og eit barn ved eit matbord. Dei kikkar òg mot kamera. Foto.
  1. Sjå på reklameannonsen. I 1977 var "Bondens eige merke" slagordet til Gilde. Formuler eit kommunikasjonsmål for reklamen.

  2. Søk opp nyare reklamar frå Gilde på nett. I dag er visjonen til Gilde å vere i sentrum av måltidet. Verdiane er driftig, nyskapande, påliteleg og omtenksam. Formuler kommunikasjonmål med utgangspunkt i dagens visjon og verdiar.

  3. Korleis har kommunikasjonsmåla til Gilde forandra seg sidan 1970-talet?

Oppgåve 4. Formuler kommunikasjonsmål

Fleire personar passerer utanfor ein stor, blå bygning. Det står IKEA med store, gule bokstavar på bygget. Foto.

Oppgåva kan løysast åleine eller i gruppe.

  1. Set deg inn i ei sjølvvald verksemd. Bruk nettsøk, utforsk verksemda sine nettsider, sjekk nyheiter, spør andre om kva dei veit, og korleis dei vil beskrive verksemda.

Tips til verksemder du kan velje

  • IKEA

  • Lerum

  • Varner

  • Rema1000

  • Salma

  • Apple

  • Cutters

  • Vippa

  1. Bruk noko tid på å beskrive verksemda:

    1. Kva for produkt?

    2. Kva er historia?

    3. Kva er forretningsidé, visjonar og verdiar?

    4. Kva kjenneteiknar marknadsstrategien – slik du oppfattar han gjennom søk på nett?

    5. Kva meiner du er hovudinntrykket forbrukarar har av verksemda?

    Hugs å føre på kjeldene du bruker.

  2. Formuler fire konkrete kommunikasjonsmål for å påverke

    • kjennskap

    • kunnskap

    • haldningar og kjensler

    • åtferd

  3. Vel eit av kommunikasjonsmåla og foreslå kommunikasjonsmålgruppe, bodskap, kommunikasjonstiltak og -kanal.

Relatert innhald

Formuler kommunikasjonsmål. Skal de auke kjennskap til og kunnskap om eit produkt, eller forandre haldningar og kjensler for å få kundar til å handle?

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 18.07.2024

Læringsressursar

Kommunikasjonsstrategi