Hopp til innhald

Eigenvurdering

Repetisjon og eigenevaluering: Kommunikasjonsstrategi

Kor godt forstår de planlegging av marknadskommunikasjon? Sjekk ut om de har fått med dykk kvifor vi formulerer kommunikasjonsmål, vel kommunikasjonsmålgrupper og formar ut bodskap. Kva for kommunikasjonstiltak- og kanalar vil de velje?
Jente heller tran frå flaske til ei skei, og har eit svært begeistra uttrykk i ansiktet. Foto.

Oppgåve 1. Definer omgrepet

A. Sjå filmen

B. Vel tre fagomgrep som du definerer

Vel tre av fagomgrepa nedanfor, definer omgrepa med eigne ord og gi døme:

  • kommunikasjonsstrategi

  • kommunikasjonsmål

  • kommunikasjonsmålgruppe

  • bodskap

  • kommunikasjonstiltak

  • kommunikasjonskanal

Kvifor må vi definere sentrale omgrep?

Ved å avklare sentrale omgrep viser du at du

  • veit kva du snakkar om

  • bruker fagterminologien for det aktuelle faget – ikkje kvardagsspråk eller daglegtale – men et språk som er meir presist og formelt

  • er klar over at det finst andre definisjonar og tolkingar av omgrepet

  • unngår misforståingar ved å vise kva definisjon du legg til grunn i teksten din, noko som blir tydeleg for lesaren

  • lærer omgrep ved å bruke dei aktivt, både skriftleg og munnleg, og du utviklar ordforrådet ditt

  • kan sjå samanhengar i faget og held fokus på kva som er sentralt for faget

Oppgåve 2. Forstå omgrep

På korta under står det eit fagomgrep på den eine sida og ein definisjon på den andre. Øv deg åleine eller gå saman to og to og sjå om de greier å definere omgrepa rett.

Om å lære seg fagomgrep

  1. Når du skal lære deg omgrep, skjer det på fleire måtar:

    • ved å bli kjend med omgrepet

    • ved å forklare omgrepet for deg sjølv og andre

    • ved å bruke omgrepet munnleg og skriftleg

  2. Å lære seg omgrep er ikkje berre "pugg og hugs", men ein aktiv læringsprosess.

  3. Du lærer og bruker omgrep, og du utviklar både fagspråk og kunnskap.

Oppgåve 3. Skriv eit drøftande avsnitt

Vel éin av følgande tre påstandar og skriv eit drøftande avsnitt:

  • For å påverke ungdom til å kjøpe produkt er det mest effektivt å bruke sosiale medium.

  • Laswells kommunikasjonsmodell og MECCAS-modellen hjelper verksemder med å lykkast med å nå kommunikasjonsmåla dei har sett seg.

  • Redaksjonell omtale er det beste kommunikasjonstiltaket ei verksemd kan ha for å sikre eit godt omdømme.

Korleis skriv eg eit drøftande avsnitt?

Temasetning
Ei temasetning får fram kva avsnittet handlar om.
Kommentarsetning
Ei kommentarsetning gir meir detaljert informasjon og grunngiving for påstanden i temasetninga.
Argumentasjon og bruk av kjelder
Desse sikrar truverdet i teksten.
Avslutning
Avslutninga er ein sjølvstendig, samanfattande refleksjon.

Oppgåve 4. Utarbeid ein kommunikasjonsplan

I denne oppgåva skal de arbeide i grupper, og to og to grupper skal samarbeide. De er rådgivarar i eit kommunikasjonsbyrå og har fått to oppdrag på bordet. Den eine gruppa skal jobbe med case 1: Det lokale avfallsselskapet og den andre med case 2: Sveitt og varm.

For å få inspirasjon til kreativt samarbeid kan de sjå filmen nedanfor.

Synstolking av filmen som eit tekstsamandrag

Filmen varer i 6 minutt og 24 sekund.

Ein person går inn døra til Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo. Ein mann står framfor ein klasse og held ein presentasjon der han viser fram ein gammal knivreiskap på eit lerret.

Vidare i filmen møter vi fire studentar og ein lektor ved høgskulen. Vi følger studentane gjennom ein kreativ prosess for å designe ein kniv. Innimellom fortel lektoren om prinsipp og viktige steg i designprosessen.

Ein student, Shahin Markus Sadigh-Azadi, fortel om utfordringar med oppgåva dei har fått.

Ein tekstplakat kjem opp på skjermen der det står Dialog i kreative prosessar. Lektor ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Stein Rokseth, fortel om kor viktig det er å vere open i ein designprosess.

Shahin fortel om kor nyttig det kan vere å jobbe saman med nokon i ein designprosess, og vi ser bilete frå eit undervisningsareal der to av studentane sit ved sida av kvarandre ved eit stort arbeidsbord. På bordet er det mange ark, fargeblyantar og tusjar, blokker med fargerike post-it-lappar og papir- og leiremodellar av knivar.

Lektor Rokseth står ved ei tavle og teiknar figurar som samarbeider, mens han fortel om viktigheita av gruppearbeid i ein designprosess.

Ein annan student, Elida Iben Høvik, fortel om kor viktig det er å ha ein god dialog i ein kreativ prosess. Vi ser tre av studentane rundt arbeidsbordet.

Lektor Rokseth teiknar figurar på ei tavle og fortel om spelereglar i gruppearbeid. Det kjem opp ein tekstplakat på skjermen der det står Gode relasjonar + Trygge rammar = God dialog.

Ein tredje student, Elder Romeo Ramos Rodriguez, snakkar om at ingen idéar eit dumme. Vi ser han ved eit arbeidsbord med ein papirmodell av ein kniv som han bruker til å kutte opp ein illustrasjon av ein tomat.

Vi ser fire hender teikne på det same arket samtidig.

Ein fjerde student, Julia Karlson, fortel om korleis ein gjennom dialog kan generere fleire idéar. Vi ser eit klipp der ho med éi hand held opp eit ark med fleire illustrasjonar av knivar. Med den andre gjer ho bevegelsar som viser korleis ho ser for seg at kniven skal brukast.

Studentane testar ut papirmodellar av ulike knivar. Knivane har veldig ulike typar blad og handtak. Dei gjer kuttebevegelsar mot papir som ligg på arbeidsbordet. Nokre av modellane har handtak forma ut i leire.

Vi ser fleire ark med små skisser av mange titals ulike prototypar av knivar på ei oppslagstavle.

Vi ser studentane ved arbeidsbordet jobbe med lange lister over brukarar, bruksområde, og bruksmåtar.

Lektor Rokseth fortel om utveljinga av idéar. Vi ser studentane sitje på golvet, der dei har lagt ut 32 A4-ark i eit rektangel. På arka er det skisser og idéar til ulike knivdesign. Enkelte av skissene har eit eller fleire kryss ved seg. Andre skisser har ingen kryss.

Vi ser studentane ved arbeidsbordet. Dei diskuterer ei skisse og sender arket med skissa mellom seg. Fleire personar teiknar på den samtidig.

Knivmodellen gruppa har bestemt seg for, blir rendra i eit dataprogram, og vi ser ho i 3D-format på ein skjerm. Ein person tek ut noko frå ei maskin. Det er to små boksar stabla oppå kvarandre. Når den øvste boksen blir teken av, ser vi at det er ei støypeform der dei har laga ein plastikkmodell av handtaket til kniven. Den ferdige versjonen av kniven har eit ekstra handtak som kan vippast over på oversida av knivbladet. Det gir støtte til å bruke to hender for å trykke kniven ned mot underlaget.

Fordel ansvar

  • Kven leier diskusjonen?

  • Kven passar tida?

  • Kven noterer ned idéar, forslag og argument?

  • Kven er ein ansvarleg kommunikasjonsrådgivar?

A. Set dykk inn casen til gruppa

Case 1: Det lokale avfallsselskapet

Miljø- og avfallsselskapet for nærområdet ditt har utfordringar med at husstandar og næringar ikkje sorterer avfall på rett måte.

Vel éi av bedriftene frå medlemsregisteret til Avfall Norge. Set dykk inn i bedrifta og området ho dekker.

Kanskje informasjonen på Sortere òg kan vere til hjelp?

Case 2: Varm og sveitt

Eit ektepar driv utleige av ferieleilegheiter, hagedrift med sal av plantar og sporadiske pop-up-kaféar i hagen.

No har det blitt veldig populært med badstove ved sjøkanten, og ekteparet har derfor gått til innkjøp av ei badstove. Denne har dei sett opp på ein traktorhengar ved sjøen. Badstova ser dei for seg at skal vere interessant for både lokalbefolkninga og tilreisande.

Set dykk inn i konseptet med badstover ved sjøen. Les til dømes om "Norges heteste badstuer" på VisitNorway.

B. Diskuter og bestem dykk for

  • kommunikasjonsmål

  • kommunikasjonsmålgruppe

  • bodskap

  • kommunikasjonstiltak

Vel og bruk relevante teoriar og modeller for å grunngi vala dykkar.

C. Samanlikn kommunikasjonsstrategiar

Set dykk saman med den andre gruppa.

  • Dei ansvarlege kommunikasjonsrådgivarane i kvar gruppe samanfattar og presenterer kommunikasjonsstrategien sin til den andre gruppa.

  • Diskuter og skriv ned dei viktigaste likskapane og forskjellane på strategiane som blir foreslått for dei to verksemdene.

D. Skisser ein kommunikasjonsplan

Gå tilbake i dei opphavlege gruppene.

  • Lag ein kommunikasjonsplan for casen dykkar med utgangspunkt i arbeidet så langt.

E. Planlegg og framfør ein munnleg presentasjon for klassen

  • Form ut ein presentasjon som de skal framføre for klassen. Ta med

    • sentrale fagomgrep (definisjonar og kjeldetilvising)

    • presentasjon, med fagleg argumentasjon, av planlagd kommunikasjon for casen

  • Fordel ansvar dykk i mellom og samarbeid der det trengst.

  • Bruk bilete, døme og kjeldetilvisingar der dette er rett og relevant.

  • Presenter for klassen. Start presentasjonen med å seie noko om arbeidsfordelinga i gruppa.

F. Diskuter i klassen

  • Kva skil den valde kommunikasjonsstrategien i dei ulike gruppene for case 1: Det lokale avfallsselskapet?

  • Kva skil den valde kommunikasjonsstrategien i dei ulike gruppene for case 2: Varm og sveitt?

  • Kva forskjellar er det mellom kommunikasjonsstrategiane til dei to casane?

Oppgåve 5. Eigen-evaluering

Gå saman i gruppa, i nye grupper eller jobb åleine:

  • Kor godt forstår de no temaet kommunikasjonsstrategiar?

  • Kor enkelt eller vanskeleg synest de det er å forstå fagomgrep, modellar og teoriar i emnet?

  • Kor godt forstår de den samanhengen emnet Kommunikasjonsstrategiar har til andre sentrale emne i faget Marknadsføring og leiing 2?

  • Samanfatt til lærar.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 22.07.2024

Læringsressursar

Kommunikasjonsstrategi