Lag ein kommunikasjonsstrategi for TRØLL
Tenk at de jobbar for ein norsk leskedrikkprodusent som har produsert brus og energidrikk i fleire år, og som no ønsker å tilby eit sunnare alternativ med drikken TRØLL. Produktet skal bestå av vatn berika med vitamin for å booste energinivået, for så å bli tilsett fruktsmak. Første smak ut er blodappelsin, og designet på boksen med vitaminvatn minner om designet på energidrikk-boksar.
De har no teke kontakt med eit reklamebyrå for å få hjelp med å planlegge marknadskommunikasjonen for det nye produktet, og jobbar i grupper samansett av medarbeidarar i bedrifta og reklamebyrået.
Bestem i gruppa kven som representerer bedrifta, og kven som representerer reklamebyrået.
De som jobbar for bedrifta, må sørge for at interessene til bedrifta blir varetekne, mens de som jobbar for reklamebyrået, er ekspertar på kommunikasjon og skal hjelpe bedrifta med å nå måla sine.
Jobb med spørsmåla:
Forklar forskjellen på ei målgruppe og ei kommunikasjonsmålgruppe.
Kva målgrupper har produktet TRØLL? Bruk fagomgrep når de argumenterer.
Aktuelle kommunikasjonsmål for den nye drikken TRØLL kan til dømes handle om å auke kjennskapen og kunnskapen. Formuler eit kommunikasjonsmål.
Kva for nokre kommunikasjonsmålgrupper er relevante for kommunikasjonsmålet? Bruk fagomgrep når de argumenterer.
Vel ei kommunikasjonsmålgruppe på bakrunn av diskusjonen de har hatt.
Ver kreativ og lag ein persona for den valde kommunikasjonsmålgruppa.
Ein persona er beskrivinga av ein typisk representant for målgruppa. Det er ein fiktiv kunde som vi gir ein utsjånad, eit arbeids- og fritidsliv og interesser. Vi kan beskrive behov og åtferdsmønster og lage historier om behovssituasjonar og kjøpssituasjonar. Slik gjer vi oss kjende med kommunikasjonsmålgruppa.
Tips:
Teikn, søk på nett eller bruk kunstig intelligens for å skape eller finne visualiseringar av personaen de formar ut.
Ha klart for dykk kommunikasjonsmålet og kommunikasjonsmålgruppa med tilhøyrande persona, og bruk kommunikasjonsmodellar og kreative framgangsmåtar som hjelp til å forme ut bodskapen. Tips: Les artikkelen "Utform bodskap".
Bruk spørsmåla nedanfor til å finpusse og justere på bodskapen:
Korleis skal kommunikasjonsmålgruppa bli påverka?
Kva verkemiddel kan de bruke?
Kva kommunikasjonstiltak og -kanalar er relevante?
Når de er ferdige med idé- og diskusjonsfasen, samanfatt med konkrete svar på spørsmåla over.
Hugs å føre kjelder som de bruker i idémyldringa.
Vel to kommunikasjonstiltak og -kanalar. Beskriv form og innhald på kommunikasjonstiltaka – som skal gjere at de lykkast med å formidle bodskapen.
Bruk skisser og bilete for å gjere tiltaka lettare forståeleg for andre.
Hugs å føre kjelder som de bruker i argumentasjonen.
Presenter kommunikasjonsmålgruppe, bodskap og kommunikasjonstiltak med verkemiddel og argumentasjon for klassen. Les artikkelen "Tre tips til presentasjon".
Hugs å vise til kjeldene de har brukt i idémyldring og argumentasjon.
Relatert innhald
Ein gjennomgang av dei fire fasane i utviklinga av ein kommunikasjonsstrategi.