Kampanjeplanlegging og kanalbattle
Sjå filmen og skriv ned alle engelske ord og utrykk som blir nytta. Lag ei liste og forsøk å omsetje orda til norsk. Lag òg ordforklaringar/definisjonar til orda/uttrykka.
Filmen tek utgangspunkt i ein salskampanje der alle jeans blir selde til 20 % redusert pris. Formuler konkrete forslag til kommunikasjonsmål for denne kampanjen.
Vurder og diskuter Carlings sine val av kommunikasjonsmålgrupper.
Vurder og diskuter Carlings sine val av kommunikasjonstiltak- og kanalar.
Drøft fordelar og ulemper med dei ulike kommunikasjonskanalane. Vurder og diskuter Carlings sin tone of voice. Kva tilpassingar gjer Carlings mot dei ulike kanalane og til dei ulike kommunikasjonsmålgruppene? Er det fleire tilpassingar du meiner dei burde ha gjort?
Vurder og diskuter evalueringa og effektmålinga av kampanjen som Carlings gjer. Drøft viktigheita av å evaluere og måle effekten av ein slik kampanje.
Instruks
I denne oppgåva skal de nytte Carlings som utgangspunkt og tenke at de er ein del av marknadsavdelinga.
Jobb saman i par eller i grupper på tre.
Tenk dykk at de er kanalansvarlege for den kommunikasjonskanalen de vel, eller som læraren tildeler gruppa dykkar. Aktuelle kommunikasjonskanalar kan vere Snapchat, Tik Tok, Instagram, Facebook og YouTube.
Besøk gjerne ein eller fleire Carlings-butikkar og ta bilete og video. Bileta og videoklippa kan de bruke til å lage innhald til den aktuelle kommunikasjonskanalen.
Planlegg og lag innhald for kommunikasjonskanalen de har fått tildelt. Dette skal visast fram for klassen i ein kanalbattle.
Situasjonsbeskriving
De jobbar i marknadsavdelinga for Carlings saman med mellom anna Liv, som er marknadssjef. Carlings ønsker no å gjere det endå betre for dei som elskar denim. De skal introdusere ei ny rabattordning som lar kundane spare pengar og miljøet. For å kunne få 20 % rabatt på kjøp av nye jeans treng kundane berre å levere inn dei gamle jeansa sine frå merke som Carlings har i sortimentet sitt, som Levi's, Diesel, Lee og Wrangler. I kampanjen skal de òg få fram det store utvalet Carlings har av jeans til dame og herre – alt frå klassiske straight leg jeans til trendy loose fit og skinny jeans – i ulike fasongar, vaskar og storleikar.
Berekraftsperspektivet er òg viktig å få fram. Ved å delta i rabattordninga vil kunden bidra til å redusere tekstilavfall og CO2-utslepp. Dei brukte jeansane vil anten bli selde vidare i eit "brukt-hjørne" i Carlings-butikkane, eller bli resirkulerte til nye produkt. Sørg for å formidle at kundane på denne måten kan gi dei gamle jeansane sine eit nytt liv, samtidig som dei sparer pengar.
Oppdrag
De skal, på bakgrunn av den tildelte/valde kommunikasjonskanalen, konkurrere i ein kanalbattle. Kanalbattelen skal gjennomførast knytt til lansering av ei ny rabattordning når kundar leverer inn brukte jeans på Carlings.
Set dykk saman i gruppene. Planlegg og lag konkret innhald tiltenkt den aktuelle kommunikasjonskanalen for Carlings.
Gruppene skal i ein presentasjon for klassen argumentere for kvifor deira kommunikajonskanal fungerer best. Konkurrer om å legge fram det beste forslaget for klassen.
Kår ein vinnar.