Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder og vel kommunikasjonstiltak og –kanalar

Øv dykk på å vurdere og velje kommunikasjonstiltak og -kanalar gjennom skriftleg arbeid. Kva er eit kommunikasjonstiltak? Og kva for nokre kommunikasjonskanaler blir brukte når?

Oppgåve 1. Kva kommunikasjonstiltak?

Lasse Smedvig var med og starta Cutters. I filmen fortel han om oppstarten.

  1. Kva for eit kommunikasjonstiltak snakkar han om i filmen?

  2. Kva er fordelar og ulemper med dette kommunikasjonstiltaket?

  3. Kva kanalar er sentrale for dette kommunikasjonstiltaket?

Oppgåve 2. Skriv om fagomgrep

Jobb individuelt med fokus på skrivetrening. Bruk og finn ut om metoden "tenkeskriving" i artikkelen "Å skrive for å tenke".

  1. Forklar forskjellen på eit kommunikasjonstiltak og ein kommunikasjonskanal.

  2. Vel to kommunikasjonstiltak. Beskriv eigenskapar, fordelar og ulemper ved desse. Bruk konkrete døme for å forklare.

  3. Vel to kommunikasjonskanalar. Beskriv eigenskapar, fordelar og ulemper ved dei. Bruk konkrete døme for å forklare.

  4. Kva vil det seie at kommunikasjonskanalen har

    • distribusjonseigenskapar

    • presentasjonseigenskapar

    • reaksjonseigenskapar

    Bruk eigne ord.

  5. Kva meiner vi med

    • eigde kommunikasjonskanalar

    • fortente kommunikasjonskanalar

    • kjøpte kommunikasjonskanalar

    Bruk eigne ord.

Oppgåve 3. Vurder bruk av influensarar som kommunikasjonstiltak

Jente med rosa hår og rosa genser, og som har piercing i nasen og i tunga. Ho smiler mot kamera. Foto.

Ein sponsa idrettsutøvar eller ein influensar i sosiale medium er begge døme på korleis vi bruker ein person sin status i eit kommunikasjonstiltak. Statusen til den kjende personen har noko å seie for kor mykje det vil koste å bruke vedkommande, og kva påverknadseffekt vi vil lykkast med gjennom eit samarbeid.

  1. Diskuter saman eller reflekter åleine over samarbeid med ein influensar som kommunikasjonstiltak:

    • I kva for samanhengar tenker de det gir god effekt å samarbeide med ein influensar, og når gir det ingen eller mindre effekt?

    • Vel eit produkt der de meiner det kan passe å bruke ein influensar i marknadskommunikasjonen. Beskriv korleis de vil forme ut kommunikasjonstiltaket, og kva som er eigna kommunikasjonskanalar.

  2. Skriv ned svara på spørsmåla over i heile setningar.

Oppgåve 4. Diskuter kommunikasjonen til Vippa

  1. Skriv ei setning som forklarer dei mest relevante fagomgrepa innan marknadskommunikasjon. Fagomgrepa (...) og (...) betyr høvesvis (...) og (...) (hugs kjeldereferanse).

  2. Skriv eit avsnitt der du beskriv marknadskommunikasjonen til Vippa, slik han er framstilt i filmen.

  3. Kva val av kommunikasjonstiltak og/eller -kanalar finn du døme på?

  4. Vel eit kommunikasjonstiltak og/eller ein kommunikasjonskanal frå filmen. Skriv ein eller to setningar om kommunikasjonstiltaket og/eller -kanalen du har valt. Skriv deretter ein eller to setningar som grunngir valet ditt.

  5. Skriv eit avsnitt der du vurderer kommunikasjonstiltaket og/eller -kanalen du har valt. Skriv òg ei setning om korleis det passar inn med Vippas marknadskommunikasjon elles.

  6. Skriv eit samanfattande avsnitt om Vippas marknadskommunikasjon.

  7. Les avsnittet opp for ein medelev. Nokre stader vil du truleg oppleve av det er vanskeleg å få flyt eller forstå den andre. Still kvarandre spørsmål og svar munnleg. Skriv avsnittet på nytt til de er nøgde.

Oppgåve 5. Vel kommunikasjonstiltak og -kanalar

Fire elevar står framfor ei tusjtavle med post-it-lappar. Ein av dei forklarer noko til dei andre. Foto.

Vel ei av verksemdene: Finn, Onecall, Freia eller Ving.

  1. Set dykk inn i verksemda. Bruk nettsøk, utforsk nettsidene for verksemda, sjekk nyheiter og spør andre om kva dei veit og opplever når dei tenker på verksemda.

  2. Bruk noko tid på å beskrive verksemda. Ta gjerne utgangspunkt i spørsmåla nedanfor. Hugs å ta vare på kjeldene du bruker.

    1. Kva produkt er det snakk om?

    2. Kva er forretningsidéen, visjonane og verdiane?

    3. Kva kjenneteiknar marknadsstrategien?

    4. Kva er hovudinntrykket forbrukarar har av verksemda?

  3. Tenk deg at verksemda du har valt ønsker å auke salet. Formuler eit passande kommunikasjonsmål.

  4. For å nå kommunikasjonsmålet har verksemda valt å køyre ein salskampanje med eit halvt års varigheit. Beskriv, med eit avsnitt, korleis du ser for deg at kampanjen kan sjå ut.

  5. Lag ein kampanjeplan som viser val av kommunikasjonstiltak og val av kanalar. Lag oversikta i tabellform. Tenk at ho skal presenterast munnleg for leiinga i verksemda.

  6. Skriv ein kort rapport som underbygger vala du har gjort. Skriv samanhengande argument for kvifor du har valt denne miksen av kommunikasjonskanalar. Bruk relevante teoriar og fagomgrep i argumentasjonen. Strukturer gjerne teksten din med mellomtitlar for å skape oversikt.

  7. Følg referansestilen til APA 7 når du listar opp kjelder på slutten av dokumentet. Lever oppgåva.

Hjelpemiddel

Les meir:

Femavsnittsmetoden

Å skrive for å tenke

Skrivesenteret: Tenkjeskriving på vidaregåande – skrive for å lære

Få hjelp:

Bruk APA 7th Kildekompasset

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 23.07.2024

Læringsressursar

Kommunikasjonsstrategi