Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder og lag bodskap

Vurder ulike bodskap og øv dykk på å forme ut forslag til bodskap.

Oppgåve 1. Visjon og kommunikasjon – IKEA

Visjonen til IKEA er å skape ein betre kvardag for dei mange menneska.

  • Undersøk nettsida til IKEA ved å sjå på korleis ho er strukturert, kva innhald som finst, og korleis det er formulert.

    • Korleis speglar nettsida samla sett visjonen til IKEA?

    • Finn døme, beskriv og diskuter med ein medelev.

  • Diskuter og formuler eit kommunikasjonsmål som de tenker IKEA kunne hatt for arbeidet med nettsida.

Oppgåve 2. Kommunikasjon i reklame

Sjå og/eller lytt til reklamen nedanfor. De kan halde fram med å jobbe to og to.

  • Kva er forteljinga i dei to reklamane?

  • Kva er bodskapen til reklamane?

  • Kva for nokre retoriske apellformer finn de? Beskriv døme.

  • Kva for nokre verkemiddel blir brukte, og kva er hovudeffekten i denne samanhengen?

  • Vel ein av reklamane. Diskuter kva som kan vere ei god formulering for eit kommunikasjonsmål som kan ligge til grunn for denne reklamen.

Radioreklamen Colorline Superspeed

Reklame: Colorline Superspeed

0:00
-0:00

Reklamefilmen Kukraft

Tekstsamandrag

Reklamefilmen til Tine speler på at bilane deira går på kumøkk og bioavfall. Musikken er lystig rytmisk, det blir rauta i bakgrunnen. Når sjåføren trykker på bilfløyta, kjem det tydeleg rauting. "Raut og køyr" seier sjåføren. Sjølv om Tine treng 17 000 norske kyr for å "brødfø" bilane sine i eitt år, er ikkje det noko problem for dei. Dei har ein million "rautande kraftverk" å ta av. Sjåføren seier at "det må vi raute for". Menneske i gata snur seg nysgjerrig når dei høyrer rautinga frå mjølkebilen. Tine har som målsetting at dei innan 2025 berre skal nytte fornybart drivstoff og nullutsleppsløysingar i transporten. "Kom kyra, kom kyra!", seier sjåføren til slutt.

Oppgåve 3

De skal planlegge marknadskommunikasjon for "Too Good To Go".

Åtte ungdommar rundt eit bord. Biletet er teke rett ovanfrå. Dei har eit stort, kvitt ark mellom seg. Det ligg mange fargeblyantar og tusjar på bordet. Foto.

A. Bruk kreative modellar

  • Set dykk inn i verksemda "Too Good To Go".

  • Formuler eit kommunikasjonsmål og vel kommunikasjonsmålgruppe.

  • Vurder om de skal påverke kunden sine ubevisste eller bevisste avgjerdsprosessar.

  • Bruk modellane AIDA og MECCAS som hjelp til å forme ut ein bodskap.

  • Formuler bodskapen dykkar på minst tre ulike måtar.

  • Vel ei av formuleringane og skriv ho på tavla. Vurder i fellesskap i klassen.

B. Utform bodskap

De skal lage ein bodskap for ein sosial mediekanal.

  • Diskuter bruk av forteljing og retoriske appellformer for bodskapen forma ut for "Too Good To Go".

  • Vel ein sosial mediekanal.

  • Beskriv utforminga av bodskapen skriftleg.

  • Planlegg og lag eit innlegg til SoMe-kanalen de har valt.

  • Del med klassen.

Oppgåve 4. Bruk praterobot

Bruk ein robot, eventuelt NDLA sin praterobot for elevar, som støtte i idéutvikling. De finn NDLA sin praterobot ved å logge dykk inn på Min NDLA. De skal søke hjelp til formulering av ein bodskap og utforminga av han, og vel sjølv kva verksemd de vil ta utgangspunkt i.

De kan skrive alle instruksar samtidig eller få til ein dialog der meir og meir informasjon blir skrive inn i prateroboten etter kvart.

  1. Gi han ein instruks: Be han om hjelp til å formulere ein god bodskap.

  2. Gi prateroboten ei rolle: Det kan til dømes vere som ein kreativ ekspert i marknadskommunikasjon.

  3. Ver så presis som mogleg når de beskriv rammene for utvikling av bodskapen. Kva verksemd, kva produkt, kva kommunikasjonsmål, og kva kommunikasjonsmålgruppe gjeld for bodskapen?

  4. I kva kontekst skal bodskapen brukast? Kan de beskrive kommunikasjonstiltaket og/eller kommunikasjonskanalen for å få ein endå betre formulert bodskap?

  5. Kan de be om tips til korleis bodskapen skal formast ut og sjå ut? Kva sjanger og kva stil kan de bruke?

  6. Sørg for at de får litt ulike døme å ta stilling til, og diskuter til slutt ei løysing som er ein kombinasjon av forslag de får og vurderingar de gjer sjølv.

  7. Del med klassen. Diskuter kvaliteten ved dei ulike forslaga til bodskap og utforming.

Relatert innhald

Bruk kreative metodar og verkemiddel for å nå fram med ein bodskap til valde kommunikasjonsmålgrupper.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.08.2024

Læringsressursar

Kommunikasjonsstrategi