Hopp til innhald
Oppgåve

Målgruppetilpassing og bruk av persondata

Lytt til podkastepisoden der Sindre Beyer, leiar i kommunikasjonshuset Try Råd, blir intervjua. Jobb med oppgåver om bruk av persondata, og korleis ny teknologi kan brukast til å finne fram til og nå ut til målgrupper.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse

Ein podkast om korleis ny teknologi kan hjelpe deg med å finne fram til akkurat rett målgruppe for å selje meir. Vi snakkar med Sindre Beyer som jobbar i Try-huset, eit av Noregs største kommunikasjo...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1

Sindre Beyer er leiar i Try Råd, som er eit av Noregs største kommunikasjonshus. Jobben til Beyer dreier seg mellom anna om å hjelpe norske bedrifter med å nå ut med bodskapen sin til marknaden. Vidare hjelper Try Råd til med bruk av ny teknologi for å finne fram til akkurat rett målgruppe.

  • Korleis går Try Råd fram for å finne dei personane dei vil treffe?

Oppgåve 2

I podkasten nemner programleiar Berit Boman eit døme der ei verksemd kjem til Try Råd for å få hjelp. Verksemda vil lansere eit nytt klesmerke som ein type 18-åringar skal like, kanskje elske. Klesmerket skal vere til dei bedrifta har definert som dei hippaste 18-åringane.

  • Korleis ville Try Råd ha gått fram for å nå ut til målgruppa "dei hippaste 18-åringane"?

Oppgåve 3

Kva er meint med spegelpublikum / "lookalike audience"?

Oppgåve 4

Forklar kva som er meint med at forbrukarar betaler med persondata på internett.

Oppgåve 5

Forbrukarar legg igjen mange spor på nett i form av informasjonskapslar/ "cookies". Kva betyr det?

Oppgåve 6

Drøft personvernutfordringar knytte til innhenting og bruk av persondata.