Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utarbeide personas

Ein del verksemder bruker såkalla personas. Når ei verksemd skal beskrive eigenskapar ved ei målgruppe, kan ho liste opp eigenskapar ved ein person som tilhøyrer målgruppa.
Kollasj av fire ulike personar. Dei har følgande yrke: kjemikar, tømrar, sjukepleiar og lærar. På første bilete til venstre blir vist ein ung gut som held eit reagensrøyr. Det er fleire reagensrøyr ved sida av han. Neste bilete viser mann i grov strikkegenser med snikkarbelte. Han held ein kopp i handa. På det tredje biletet sit ei ung jente på ei sjukeseng og ser undrande framfor seg. Det siste biletet viser ei vaksen dame med pc. Ho står i eit klasserom, og på ein vegg i bakgrunnen er eit bilete frå ein videokanon. Foto.

Personas

Personas er oppdikta personar som kan representere målgruppa eller målgruppene til ei verksemd. Ei verksemd kan ha éin, to eller fleire kundepersonas.

Beskriving av personas for NDLA
Kollasj av fire ulike menneske:  ein kjemikar, ein tømrar, ein sjukepleiar og ein lærar. Foto.

Bilete 1:

Namn: Mohammed

Alder: 18 år

Stilling: elev på studiespesialisering med realfag, vg3

Familie: mor, far og fire søsken

Type: pliktoppfyllande, lærevillig, sjølvstendig

Skulefagleg: språkleg svak i norsk (har norsk som andrespråk), men sterk i engelsk, er realfagleg sterk

"Eg saknar omgrepslister og ordforklaringar i lesefag som historie og religion. Siste oppleving: Mohammed skulle lage ei prosjektoppgåve med temaet kolonialisme i historie, men strevde med å få oversikta over innhaldet i temaet, og kva innhald som var viktigast å presentere i oppgåva.

Mål: Mohammed ønsker å studere medisin for å bli lege. Skal han komme inn på legestudiet, må han fullføre vidaregåande skule med beste karakterar i dei aller fleste faga og ha fagleg fordjuping i realfaga.

Bilete 2:

Namn: Helge

Alder: 58 år

Stilling: yrkesfaglærar i bygg- og anleggsteknikk, utdanna tømrar og adjunkt

Familie: kone og tre vaksne søner

Type: utrygg på digitale verktøy, trivst best når ting er føreseielege

"Eg skulle ønske vi kunne dele undervisningsopplegg med kvarandre på gamlemåten, ikkje som digitale ressursar. Siste oppleving: Helge skulle dele ein tverrfagleg ressurs om oppussing av bad i bygg- og anleggsteknikk og matematikk, men synest det var umogleg å forstå korleis han skulle dele ressursen i ei mappe på Min NDLA.

Mål: Helge ønsker at flest mogleg elevar skal bestå med best mogleg resultat. Han ønsker òg at åra på bygg- og anleggsteknikk skal gi elevane hans ein best mogleg start på livet og yrkeskarrieren.

Bilete 3:

Namn: Lise

Alder: 16 år

Stilling: elev på helse- og oppvekstfag, vg1

Familie: bur heime hos mor, som er eineforsørgar

Type: usikker, låg sjølvtillit, usjølvstendig, pliktoppfyllande

Skulefagleg: svak lesar, manglar forståing og strategiar for å tileigne seg kunnskap. Har behov for praktisk tilnærming til faga.

"Eg synest lange fagtestar og lange tekststykke i matematikk er vanskeleg. Siste oppleving: Lise skulle lese til ei viktig prøve i norskfaget om samansette tekstar, men fann ingen forenkla versjon av teksten.

Mål: Lise ønsker å bli barne- og ungdomsarbeidar. Ho må derfor ha karakteren 2 eller betre i alle fag, og gå to år i lære der ho bruker fagstoffet og viser at ho er eigna i faget for å få fagbrev.

Bilete 4:

Namn: Monica

Alder: 36 år

Stilling: lektor på studieførebuande utdanningsprogram

Familie: mann og to små barn

Type: "early adopter", lærevillig

"Eg ønsker å bli betre til å remikse innhald frå ulike stader. Siste oppleving: Monica fann ein spennande undervisningsressurs på nett som ikkje fungerte for elevane hennar utan remiksing og tilpassing. Moglegheitene for å få til nettopp dette var få, og verktøya tungvinte.

Mål: Monica ønsker å finne og innhente innhald og tilpasse det til eigne behov. Ho ønsker òg å dele eige (tilpassa) innhald.

Her er nokre fleire døme på ulike personas:

Vel mellom oppgåve 1, 2 og 3 (eller gjer alle viss du vil).

Oppgåve 1

  1. Tenk deg at du skal starte ei verksemd der du skal tilby ulike friluftslivskurs, som toppturkurs, skredkurs og fjellski- og offpiste-kurs. Lag to eller fleire forslag til personas for målgruppa/målgruppene du ønsker å vende deg til.

  2. På kva måtar trur du arbeidet med å lage personas kan vere nyttig for denne tenkte verksemda?

Oppgåve 2

  1. Lag to eller fleire forslag til personas for Zalando, ein nettbutikk som i hovudsak sel klede, sko og tilbehøyr.

  2. På kva måtar trur du arbeidet med å lage personas kan vere nyttig for Zalando?

Oppgåve 3

  1. Lag to eller fleire forslag til personas til Pink Fish, ei hurtigmatkjede med fokus på norsk sjømat.

  2. På kva måtar trur du arbeidet med å lage personas kan vere nyttig for Pink Fish?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2023

Læringsressursar

Målgruppeval