Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rosa sjokolade til ulike målgrupper

Med utgangspunkt i ein rosa sjokoladevariant skal de vurdere målgruppeval og komme opp med idéar til korleis de kan nå ut til potensielle målgrupper. Jobb gjerne to og to.
Rosa sjokoladeplate med dekorativt mønster. Foto.

Situasjonsbeskriving

I 2017 kom det ein ny sjokoladevariant på marknaden, nemleg rosa sjokolade. Før den tida hadde vi tre ulike sjokoladetypar: mørk, lys og kvit sjokolade. Kakaobønner har ein naturleg lillarosa nyanse i skalet som omgir sjølve bønna. Denne fargen forsvinn vanlegvis når bønnene blir behandla gjennom ein gjæringsprosess. Men i 2017 fann Barry Callebaut, ein av dei største kakaoprodusentane i verda, ut korleis dei kunne produsere sjokolade av rosa kakaobønner frå Elfenbeinskysten, Ecuador og Brasil og behalde den naturlege, fine rosafargen på sjokoladen.

Den fiktive norske sjokoladeprodusenten Sjokoladeri Magi har fått mogelegheit til å starte produksjon av rosa sjokolade. I første omgang ser dei for seg å starte opp med produksjon av rosa sjokoladeplater med dekorativt mønster. Sjokoladeri Magi ønsker hjelp av dykk til å vurdere målgruppeval og komme opp med idéar til korleis dei kan nå ut til éin eller fleire potensielle målgrupper.

Meir informasjon om rosa sjokolade

Barry Callebaut.com: Ruby chocolate - A true gift from nature

P4.no: For førse gang på 80 år: Nå er det utviklet en helt ny sjokolade

Norturaproff.no: Trendingrediens: Ruby Chocolate

Oppgåve 1

Hjelp Sjokoladeri Magi med å vurdere målgruppeval. Vel ut éi primærmålgruppe og identifiser og beskriv denne så presist som mogleg. Grunngi målgruppevalet.

Oppgåve 2

For Sjokoladeri Magi kan det vere aktuelt å vende seg til fleire målgrupper. Beskriv kva de meiner kan vere aktuelle sekundærmålgrupper. Grunngi målgruppevala.

Oppgåve 3

Kom opp med idéar til korleis Sjokoladeri Magi kan nå ut til primærmålgruppa.

Har de tid, kan de gjerne utarbeide forslag til namn på sjokoladen, logo, utforming av emballasje og marknadskommunikasjon for å treffe denne målgruppa.

Oppgåve 4

Kom opp med idéar til korleis Sjokoladeri Magi kan nå ut til éi eller fleire av sekundærmålgruppene.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2023

Læringsressursar

Målgruppeval