Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målgrupper – Dyreparken i Kristiansand

For Dyreparken er god innsikt i målgruppa viktig. I denne oppgåva skal du blant anna drøfte og grunngi ulike faktorar som påverkar målgruppeval for Dyreparken i Kristiansand.

Oppgåve 1

Sjå filmen og prøv å leggje merke til kva som blir sagt om Dyreparken sitt arbeid med å skaffe innsikt i målgrupper. Kor mykje klarer du å hugse? Sjå eventuelt filmen fleire gonger.

Oppgåve 2

Forklar med eigne ord kva som blir meint med segmentering og målgruppeval.

Oppgåve 3

  1. Identifiser og beskriv så presist som mogleg kva du meiner er primærmålgruppa til Dyreparken i Kristiansand.

  2. For Dyreparken kan det vere aktuelt å vende seg til fleire målgrupper. Beskriv kva du meiner kan vere Dyreparken si sekundærmålgruppe.

Oppgåve 4

Innsikt i målgrupper skal liggje til grunn for produktutviklinga og kommunikasjonen til Dyreparken. I 2019 vart overnattingskonseptet Dyreparken safaricamp lansert.

Kort samandrag av videoen

Videoen viser bilete frå uteområdet i Dyreparken Safaricamp, som består av små telt-hytter på pålar. Vidare er det bilete frå innsida av safaritelta, som viser ei praktisk og fin innreiing.

Dyreparken Safaricamp opna i 2019, og i 2022 består Safaricampen av 42 telt.

Les om Dyreparken Safaricamp på dyreparken.no og svar på spørsmåla:

  1. Kva blir meint med glamping som overnattingskonsept? Søk gjerne etter ei skildring på nett. Kvifor trur du glamping har blitt populært?

  2. Gjer greie for segmenteringa som ligg til grunn for å utvikle Dyreparken Safaricamp. Du kan høyre meir om dette i den første filmen øvst i denne oppgåva.

  3. Beskriv så presist som mogleg ei aktuell målgruppe for Dyreparken Safaricamp.

Oppgåve 5

Elisabeth Drange Tønnessen, innsikts- og analyseansvarleg i Dyreparken, seier: "Det er viktig at vi har innsikt om målgruppa – både dei som besøker oss i dag, men òg potensielle nye gjester." Kvifor er denne typen innsikt viktig for Dyreparken? Grunngi.

 Halloween. Foto av graskar med utskore ansikt.

Oppgåve 6

Sidan 2019 har Dyreparken arrangert "Skumle dager" i oktober. "Jump Scare" og skumle opplevingar i Nordisk villmark er for dei tøffaste, og Klaras bøllemysterie på Kutoppen er tilpassa dei minste. Klatremus og resten av gjengen i Hakkebakkeskogen er bytte ut med eit spøkelsestog i oktober.

Ifølgje Dyreparken er "Skumle dager"-satsinga ein suksess med tanke på talet på besøkande. På den andre sida har "Skumle dager"-satsinga gjort at fleire foreldre har uttrykt stor misnøye med dette "skremmeprosjektet". Dyreparken har fått kritikk for at skrekkfilm-aktige figurar vandrar rundt i parken. Du kan sjå nokre artiklar med bilete og videosnuttar frå "Skumle dager" i Dyreparken nedanfor.

Artiklar med bilete og videosnuttar frå "Skumle dager" i Dyreparken

Dagbladet: "Raser mot Dyreparken"

NRK: "Stadig flere bruker høstferien på å bli skremt"

NRK: "Dyreparken får kritikk: – Det er grotesk"

NRK: "Satser på skrekk i Dyreparken"

  1. Sjå på bileta og videosnuttane i artiklane som det er lenka til ovanfor. Synest du at den anbefalte aldersgrensa for spøkelsestoget på åtte år er passande? Grunngi.

  2. Drøft fordelar og ulemper med Dyreparken si "Skumle dager"-satsing.

  3. Synest du Dyreparken bør endre eller tilpasse "Skumle dager"-satsinga og kommunikasjonen mot målgruppa om "Skumle dager"? Kvifor / kvifor ikkje? Kom med konkrete forslag dersom du synest dette bør endrast eller tilpassast.

  4. Drøft påstanden:

    • Det er ikkje nødvendigvis negativt for Dyreparken at fleire har uttrykt misnøye med Dyreparken si "Skumle dager"-satsing. All er god PR.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2023

Læringsressursar

Målgruppeval