Hopp til innhald
Oppgåve

QR-løp om målgruppeval

La elevane jobbe saman i grupper med fagstoff om målgruppeval på ulike postar i eit QR-løp. Bruk gjerne QR-løpet som ein introduksjon til temaet eller som ei oppfrisking.

Informasjon og tips til forarbeid

  • Elevane skal skanne for å finne faginnhald på ulike postar.

  • Del elevane i fem grupper. Kvar gruppe får eit gruppenummer.

  • Plasser postane på ulike stader på skuleområdet. Gjer det lett å finne dei. Viss postane er plasserte på eit større område, kan du lage eit enkelt kart over postane. Du finn postane og støtteark til QR-løpet nedst på denne sida.

  • Nokre av postane har videoklipp og må vere ein stad der elevane kan spele av lyd, eventuelt kan elevane bruke høyretelefonar.

  • Skriv ut dokumentet med QR-postane og plasser ut desse før timen startar.

  • På nokre av postane blir elevane oppmoda til å teikne/lage skisser, så sørg for at utstyr som trengst, som ark og teiknesaker, blir plassert ut på dei aktuelle postane.

  • Gjer ein enkel test og sjekk at kodane fungerer.

  • Elevane kan gjerne lese aktuelle fagartiklar i forkant, med beskjed om at dei får oppgåver frå følgande fagartiklar på NDLA:

Gjennomføring av QR-løpet

  • Elevane skal innom alle postane.

  • Sett av like lang tid, til dømes 10 minutt, til kvar post. Bruk alarm for å halde tida. Lag eit signal som betyr at elevane skal byte post.

  • Elevane startar på same nummer som gruppenummeret, og følger postane vidare i riktig rekkefølge.

  • Læraren går innom gruppene undervegs medan QR-løpet går føre seg.

Etter gjennomføringa av QR-løpet

  • Det er formålstenleg med ei form for etterarbeid i klasserommet etter gjennomført QR-løp, der gruppene deler det dei har komme fram til / jobba med. Eit døme på eit slikt opplegg kan vere:

    • Kvar av gruppene trekker eit tal frå 1 til 5, og talet dei trekker representerer talet på posten i QR-løpet dei skal presentere.

    • Gi gruppene nokre minutt til å førebu det dei skal presentere.

    • Kvar gruppe skal så presentere for klassen det dei har komme fram til på den aktuelle posten.

    • Gjennomfør ein felles refleksjon i klassen etter kvar presentasjon.

  • Kanskje det òg kan vere aktuelt å legge inn eit konkurranse- og /eller vurderingselement? Til dømes at lærar (og/eller klassen i fellesskap) vurderer og premierer beste gruppe?

Postar og støtteark

  • QR-løp om målgruppeval (156 kb)

  • Støtteark til QR-løp (41 kb)

  • Relatert innhald

    Fagstoff
    Del informasjon med QR-kodar

    QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne nettinnhald med mobilen. Lær tips og triks og kom i gang med QR-kodar!

    Fagstoff
    Bruk av QR-kodar i undervisninga

    QR i undervisninga kan gjere det lettare å forlate klasserommet og jobbe friare og meir spontant. Det kan gi meir engasjerande og elevaktiv undervisning.