Hopp til innhald
Fagartikkel

Persondata og målretta marknadsføring

Forbrukarar betaler ofte med persondata i den digitale marknaden. Dette kan vere verdifullt for verksemder, slik at dei kan målrette marknadsføringa og selje persondata vidare på digitale annonsebørsar. Men kva er greitt og ikkje greitt når det gjeld innhenting av persondata?
Kva annonsar har du sett på sosiale medium i det siste? Kvifor dukkar akkurat desse annonsane opp hos deg? Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Å betale med persondata

Mange tenker kanskje at det er gratis å bruke internett, men forbrukarar betaler med sine eigne persondata. Persondata er opplysningar som kan identifisere eller knytast til enkelindivid. Dei kan byggast opp av dei digitale spora individ legg igjen når dei surfar, klikkar, fyller ut brukarprofilar, knyter seg til venner, skriv tekstmeldingar og postar bilete. Døme på persondata er IP-adresse, geografisk plassering, kjønn, inntekt, interesser, kjøpevaner og politisk ståstad.

I den digitale marknaden har personlege data ein eigenverdi. Forbrukarar må derfor ikkje alltid bruke pengar når dei nyttar seg av tenester. I staden betaler dei med sine eigne digitale data. Alle legg igjen ei mengd informasjon om seg sjølv ved bruk av appar og internettsider.

Tenk over

  • Kva for legg du etter deg?

  • Korleis trur du denne informasjonen blir brukt?

  • Kva synest du om å betale med persondata på internett?

Verksemder som lagar appane og nettsidene – mellom anna Facebook, TikTok og Google – samlar informasjon og får på denne måten kunnskap om forbrukarane.

I mange tilfelle får altså forbrukarar "gratis" tilgang til tenester i byte mot persondata. Persondata er verdifulle, og verksemder kan bruke kunnskapen til å målrette marknadsføringa og selje persondata vidare på digitale annonsebørsar.

Digitale spor og målretta marknadsføring

Basert på informasjonen forbrukarane gir frå seg der dei er – kva appar dei bruker og nettsider dei besøker – kan verksemder lage detaljerte profilar som kan gjere det mogleg å påverke forbrukarane når dei er mest mottakelege.

Kven som ser reklameannonsane, kan altså bestemmast av persondata som er samla inn. Det gjer at reklamane på sosiale medium og ulike nettsider kan bli treffsikre, og at salet kan auke. Verksemder som sit på persondata, kan ha ei makt over forbrukarane som er større enn forbrukarane sjølv er klar over og ønsker.

Tenk over

  • Kva pleier du å svare på spørsmålet om bruk av , og kva for konsekvensar gir eit samtykke?

  • Korleis blir brukte til å tilpasse nettreklame?

I filmen under kan du lære meir om algoritmar, og korleis dei blir brukte til å tilpasse innhald til brukaren på sosiale medium.

Dei digitale spora blir brukte i algoritmar, slik at du mellom anna får tilpassa reklame på sosiale medium og ulike nettsider. Video: Medietilsynet / Avgrensa bruksrett

Tenk over

  • Du har nyleg snakka med nokon av vennene dine om eit par sneakersar du har lyst på. Dagen etter ser du reklame for sneakersane på Instagram. Kva synest du om det? Trur du det er tilfeldig?

  • Har du hatt liknande opplevingar?

I podkasten nedanfor høyrer vi programleiar Berit Boman i samtale med leiaren i Try Råd, Sindre Beyer. Beyer driv eit selskap som mellom anna jobbar med å hjelpe store og små verksemder med å velje målgruppe og nå ut til ho, og med korleis dei kan kommunisere med målgruppa. Han er i tett dialog med selskap som Google og Facebook i arbeidet sitt.

Beyer har uttalt følgande:

Det er gøy å se en YouTube-video, men du legger igjen digitale spor for hvert klikk du gjør, noe som igjen gjør deg til en del av målgruppa for markedsføring. Har du sett på et slankeprodukt, setter Google en merkelapp på deg. Det selger de igjen til andre annonsører som tenker at du vil slanke deg og trenger det de kan tilby. Du får altså se ting gratis, men betaler med at de får ting av deg.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Marknadsinformasjon, marknadsundersøkingar og digital dataanalyse

Ein podkast om korleis ny teknologi kan hjelpe deg med å finne fram til akkurat rett målgruppe for å selje meir. Vi snakkar med Sindre Beyer som jobbar i Try-huset, eit av Noregs største kommunikasjo...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Eit lite eksperiment

Benytt ein søkemotor på nett til å søke etter eit produkt du ikkje har søkt etter / kjøpt tidlegare. Besøk fleire nettbutikkar som har produktet og opne lenker knytte til produktet. Lukk så alle fanene du brukte til søka dine. Får du opp reklame for typen produkt du søkte etter i dagane som kjem? Kanskje dukkar det opp reklame for vara i sosiale medium eller appar du bruker?

Personvern og GDPR

Forbrukarar har rett til privatliv og kontroll over eigne personopplysningar. består av nasjonale reglar og EUs personvernforordning, kalla GDPR (General Data Protection Regulation).

Digitale tenesteleverandørar har ansvar for å informere om kva slags persondata dei samlar inn, og korleis dei bruker dei. Forbrukarar skal gi aktivt samtykke til lagring, bruk og sletting av eigne persondata, og dette er noko verksemder må vere ansvarsbevisste overfor og rette seg etter.

Det er Datatilsynet som fører tilsyn med etterlevinga av personvernreglane i Noreg. Datatilsynet kan ilegge gebyr til dei som bryt lova.

Datatilsynet : Tiltak mot åtferdsbasert marknadsføring

I juli 2023 fatta Datatilsynet vedtak om at målretta marknadsføring på Metas plattformer som Facebook og Instagram var ulovleg, grunna inngripande overvaking av brukarar som ikkje nødvendigvis har gitt gyldig samtykke til det.

Datatilsynet gjekk til sak mot Meta og ila tvangsmulkt for at Meta skulle få på plass ein funksjonalitet som gjer at brukarar kan ta eit bevisst "ja takk / nei takk"-val om dei godtek at persondata skal brukast til målretta marknadsføring.

Les artikkelen "Midlertidig forbud mot adferdsbasert markedsføring på Facebook og Instagram" på Datatilsynet.

Tenk over

Personopplysningane til mange skulebarn blir delte med kommersielle aktørar når barna bruker nettbrett/pc i skulesamanheng.

Kvifor kan det vere utfordrande med omsyn til personvern?

Kjelder

Datatilsynet. (2023, 17. juli). Midlertidig forbud mot adferdsbasert markedsføring på Facebook og Instagram. https://www.datatilsynet.no/aktuelt/aktuelle-nyheter-2023/midlertidig-forbud-mot-adferdsbasert-markedsforing-pa-facebook-og-instagram/

Personopplysingsloven. (2022). Lov om behandling av personopplysninger (LOV-2018-06-15-38). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-38

Relatert innhald

Fagstoff
Podkast: Dataa dine er til sals

Martin Gundersen, journalist i NRK Beta, og Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, snakkar om korleis selskap handlar med persondata.

Kjeldemateriale
Folkeopplysningen: Sosiale Mehdi

I NRK-episoden "Sosiale Mehdi" i serien Folkeopplysningen får vi eit innblikk i korleis dei digitale fotavtrykka våre kan brukast til å manipulere oss.