Strategiar for målgruppeval
Kven bør vi vende oss til i marknadsføringa?
Verksemder kan bruke ulike strategiar for å velje målgruppe, og typen produkt er avgjerande for val av strategi.
Etter at ei verksemd har segmentert marknaden i ulike segment, følger arbeidet med å velje ut attraktive og lønnsame segment. Utvalde segment blir kalla målgrupper. Val av målgruppe er ei markedsstrategisk avgjerd. Ei verksemd kan ha éin eller fleire målgrupper.
Når verksemder har fleire målgrupper, blir dei ofte delte inn i primærmålgruppe og sekundærmålgruppe. Den primære målgruppa er den hovudmålgruppa verksemda hovudsakleg ønsker å nå.
Tenk over
Kven trur du er primærmålgruppa til energidrikken Battery?
Kven trur du kan vere ei sekundærmålgruppe?
Vi kan skilje mellom følgande strategiar for målgruppeval:
udifferensiert
differensiert
konsentrert
individuelt
Udifferensiert målgruppeval
Heile marknaden blir behandla som eit stort segment, som då blir målgruppa. Vi kan velje denne strategien dersom etterspørselen etter produktet er relativt lik for alle kjøpsgrupper, som toalettpapir og oppvaskmiddel.
Differensiert målgruppeval
Verksemda vel å behandle fleire segment parallelt. Marknadsføringa blir då tilpassa kvart enkelt segment, som ved flyreiser.
Konsentrert målgruppeval
Verksemda vel å konsentrere seg om ein liten, spesiell del av ein marknad – ein såkalla nisje. Fokuset blir då å pleie kundegruppa for dette eine segmentet, som til dømes eksklusive bilar.
Individuelt målgruppeval
Produkt og verkemiddel er tilpassa behov og preferansar hos individuelle kundar, som ved spesialdesigna klede. Vi kan seie at individuelt målgruppeval er det motsette av udifferensiert marknadsføring.
NRK ønsker å nå ut til ulike målgrupper, og har eit mangfaldig tilbod til både vaksne, unge og barn. Eit døme er kanalen NRK Super, som tilbyr ein serie for barn med namn Karsten og Petra. Serien er laga primært for barn mellom to og tolv år.
Eit anna døme er NRK-serien SKAM, som i utgangspunktet retta seg mot ei ung målgruppe, men som nådde eit breiare publikum. Det same gjaldt serien Rådebank.
Sjå fram til 05:40 av den første episoden av Rådebank.
Tenk over
Kven er primærmålgruppa til Rådebank?
Kva for behov hos denne målgruppa ønsker serien å sette søkelys på?
Korleis fungerer starten på serien med tanke på å treffe behovet til målgruppa?
Dyreparken i Kristiansand er ein av Noregs største turistattraksjonar. Målgruppa er primært barnefamiliar med barn i alderen 2 til 12 år. For Dyreparken er god innsikt i målgruppa avgjerande for å kunne ta gode avgjerder når dei arbeider med veksten for verksemda.
For Dyreparken er det verdifullt å kjenne målgruppa ut frå demografiske kjenneteikn som alder og familiesamansetning. Innanfor den same demografiske målgruppa kan det vere svært ulike behov, det kan derfor vere nyttig å segmentere vidare. Dyreparken nyttar derfor òg psykografisk segmentering, som interesser og verdier, geografisk segmentering, som bustad, og åtferdssegmentering som lojalitet.
Produktutviklinga og marknadskommunikasjonen til Dyreparken tek utgangspunkt i innsikt om målgruppa. Dette er avgjerande for å kunne utvikle gode og riktige produkt til rett målgruppe, og for at marknadskommunikasjonen skal nå fram.
Tenk over
Korleis kan vi sjå at Dyreparken har god innsikt i målgruppa si ut frå produktet og marknadskommunikasjonen deira?