Målgruppeval og marknadsstrategi
Målgruppa er gruppa av personar vi har valt å henvende oss til i marknadsføringa vår. Som verksemd kan vi ha ei eller fleire målgrupper vi ønsker å nå. Vi må identifisere og skaffe oss innsikt i målgruppa før vi går vidare med andre marknadsstrategiske avgjerder.
Bruk av konkurransemidla utgjer, i tillegg til val av målgruppe, marknadsstrategien for ei verksemd. Vi må bruke og kombinere konkurransemidla strategisk for å nå målgruppene, og for å prøve å nå verksemda sine marknadsstrategiske mål.
Vi deler konkurransemidla inn i
produkt, inkludert merkevarestrategi
distribusjon
pris
marknadskommunikasjon
Måten vi bruker og kombinerer konkurransemidla på, kallar vi marknadsmiks. Det er ikkje éin spesiell marknadsmiks som fører til suksess, men det er viktig at miksen av konkurransemidla støttar opp om kvarandre og trekker i same retning. Kvart enkelt konkurransemiddel må forsterke dei andre konkurransemidla.
Om vi identifiserer og gjer oss kjende med målgruppa, kan vi ta betre marknadsstrategiske val, og vi har større sannsyn for å lykkast.
Marknadskommunikasjon handlar mellom anna om å bygge kjennskap, kunnskap og tillitt til ei merkevare. Merkevarestrategi og kommunikasjonsstrategi er derfor nært knytte saman.
I filmen nedanfor får vi eit innblikk i mediebyrået Starcon sitt arbeid med å nå ut til målgrupper i samband med marknadsføringskampanjar for Høyskolen Kristiania og Burger King.
I videoen nedanfor får vi eit innblikk i Politiets nettpatrulje Vest si satsing på nærvær på nett. Dei fortel mellom anna om den strategiske bruken av TikTok for å nå ut til målgruppa barn og unge.
Politiet ønsker å nå innbyggarar i alle aldrar, og dei lagar derfor ulikt innhald som er tilpassa ulike målgrupper. I 2021 var den yngste Politiets nettpatrulje Vest fekk førespurnad frå, 8 år. Den eldste var 82 år.
Nettpatruljen til politiet Vest publiserer innhald både på TikTok, Instagram og Facebook. Innhald som nettpatruljen publiserer på TikTok, er tilpassa barn og unge, mens på Instagram har dei unge vaksne som målgruppe. Innhaldet på Facebook er først og fremst retta mot vaksne og eldre.
Politiet ønsker å vere til stades der dei unge er, og TikTok har vist seg å vere ein veleigna kanal for å nå ut til barn og unge. Det er ikkje tilfeldig at politiet legg ut videoar av dans eller andre trendar på TikTok. Hensikta er først og fremst å nå ut med førebyggande bodskap, gi råd og rettleiing og førebygge kriminalitet. Men for å lykkast på TikTok må politiet engasjere og ha følgarar. Det vil vere vanskeleg å engasjere og få mange følgarar dersom dei berre lagar videoar om lover og reglar.
TikTok-videoane har vist seg å vere svært populære, anten det er med humoristiske innslag, TikTok-dansar eller nyttig opplysningsinnhald. Fleire har no blitt merksame på at politiet er til stades på nett, noko som har ført til at fleire unge tek kontakt.
Tenk over
Høyskolen Kristiania, Burger King og Politiets nettpatrulje har alle unge som ei av målgruppene sine. Korleis synest du at dei, på kvar sin måte, klarer å nå ut til denne målgruppa?
Relatert innhald
Korleis kan Burger King lage meir relevant innhald for unge målgrupper og marknadskommunikasjon på premissane til dei unge?
I filmen får vi eit innblikk i Torshov Sports målgruppeval og korleis dei jobbar for å nå ut til målgruppa.