Hopp til innhald

Fagstoff

Burger King og målgrupper

Korleis kan Burger King lage marknadskommunikasjon for å nå unge målgrupper? Trur du Burger King kan lykkast med å utfordre pølsesalet på 17. mai òg?
Burger King-restaurant med motorsyklar og bilar parkerte utanfor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Korleis trur du Burger King jobbar med segmentering og målgruppeval?

Burger Kings ønske om å nå ut til unge målgrupper

Ungdom bruker mykje tid på mobiltelefonen, og sosiale medium er ei viktig plattform. Men korleis kan Burger King unngå berre å bli sveipt forbi? Dette ønskte Burger King å finne ut av, og dei ønskte å lage meir relevant innhald for unge målgrupper og marknadskommunikasjon på premissane til dei unge.

I filmsnutten nedanfor kan du sjå korleis det vart laga korte introduksjonar som var tilpassa dei programma som målgruppa ofte ser på, som til dømes VGTV, og som gav verdi til målgruppa. Målet var at Burger King skulle vere ein del av sjåaropplevinga. Bodskapen vart òg tilpassa i andre kanalar, og det vart utvikla dynamiske banner som automatisk vart tilpassa det miljøet dei skulle stå i.

Tekstsamandrag av filmen

Burger King ønskjer å ta ein større del av marknaden og å bli den best likte burgarkjeda i landet. For å ta større marknadsdelar er Burger King nøydde til å bli meir relevante for målgruppa si og lage kommunikasjon på premissane deira.

Burger King byrja å tilpasse reklamen til dei programma som målgruppa elskar å sjå på. Innhaldet snakka til dei fotballinteresserte, dei motemedvitne og tilhengarar av "Panelet" på VGTV.

I staden for å vere ein tidstjuv og eit irritasjonsmoment vart Burger King ein del av sjåaropplevinga. Bodskapen vart òg tilpassa i andre kanalar. Basert på kommunikasjonsbyrået Starcoms eigenutvikla teknologi vart det etablert ein ny måte å snakke på for å vere meir relevant. Det vart laga underhaldande tekstar tilpassa interessene til folk, tid på døgnet og stad. Teknologien gav òg moglegheita til å kommunisere hendingar live.

Denne måten å snakke med målgruppa på har gitt resultat. I staden for at dei hoppa over reklamen, valde mange å sjå filmane heilt ferdig, og langt fleire valde å klikke på dei tilpassa bannera. Salet auka markant.

Burger Kings ønske om å utfordre pølsesalet på 17. mai

Burger King er utfordraren i hamburgarmarknaden. Dei har ein strategi som handlar om å sikre kommunikasjon som skil seg ut og engasjerer. I 2019 ønskte dei å gjere Burger King til ein snakkis i samband med 17. mai.

På 17. mai blir det seld store mengder pølser. Men korleis kunne ein utfordre pølsesalet på 17. mai? Korleis kunne Burger King fremje Whopper-en på ein naturleg måte under ei norsk høgtid?
Burger King engasjerte eit mediebyrå ved namn Starcom til å hjelpe dei i dette arbeidet.

For mange nordmenn er bunaden sjølve symbolet på 17. mai og nasjonalkjensla. Starcom og Burger King ønskte å ta del i dette, og dei designa ei eiga bunadsveske med plass til ein Whopper.

Dei inngjekk samarbeid med mote- og livsstilsmagasin og influensarar for å sikre at «alle» skulle få med seg kva som var årets heitaste 17. mai-tilbehøyr. Eit eige gjer-det-sjølv-sett vart laga og distribuert ut i restaurantane og til nokre ambassadørar.

Strikking og handverk er for alvor tilbake i vinden, og oppskrifter for å lage etterlikningar av dyre moteplagg florerer på internett. Starcom og Burger King ønskte å byggje opp under trenden ved å oppmode nordmenn til å «whopper-hacke» si eiga bunadsveske. Her er reklamefilmen:

Dei hyra òg inn to eldre syersker, som laga ein video på YouTube om korleis du sjølv kunne «hacke» di eiga bunadsveske.

Kjelder

Kampanje. (2017, 31. mai). Burger King – Hvordan få sveipe-generasjonen til å stoppe opp? Hentet fra: https://kampanje.com/byraguiden/byraer/starcom/works/hvordan-fa-sveipe-generasjonen-til-a-stoppe-opp/

Kreativt Forum. (2019, 23.mai). Derfor var Whoppervesken årets 17. mai-snakkis. Hentet fra: https://www.kreativtforum.no/arbeider/derfor-var-whoppervesken-arets-17-mai-snakkis

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021

Læringsressursar

Målgruppeval