Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Sneakerheadz

Unge såkalla «sneakerheadz» har sidan 80-talet sett mykje på spel for å få tak i det rette paret med sneakers. Filmen utforskar korleis mote- og reklamebransjen har henta inspirasjon frå hiphop- og skate-kulturen for å nå ut til målgruppa med skorne dei sel.

Om filmen

Dokumentarfilmen Sneakerheadz syner korleis lidenskapen for skotypen sneakers har gått frå å vere ein subkultur til å bli allemannseige. I filmen møter vi fleire kjende personar frå sneakers-miljøet, både designarar og skosamlarar.

Filmen peikar også på sneakerskulturen si skuggeside. Ifølgje filmskaparane skjer det om lag 1000 sneakers-relaterte drap kvart år. Mange av dei drepne er unge menneske som mistar livet i samband med overfall og ran av skorne dei går med.

Frå butikk til Internett

Tidlegare måtte sneakers-samlarane finne fram til dei fysiske butikkane i dei store amerikanske byane for å få kjøpt dei skopara dei hadde lyst på. I dag skjer mykje av handelen over Internett. Framveksten av Internett har også bidrege til at sneakerskulturen har gått frå å vere eit amerikansk fenomen til å spreie seg globalt.

Kva er sneakers?

Sneakers er ein skotype nært i slekt med tradisjonelle joggeskor og tennisskor. Ordet «sneaker» vart først teke i bruk av reklamemannen Henry Nelson McKinney.

Utviklinga av skotypen starta på midten av 80-talet, då Nike kom med nye skor som kombinerte sportsdesignet frå basketballsko med element frå såkalla gatekultur som hiphop og skating.

Relatert innhald

Korleis har mote- og reklamebransjen henta inspirasjon frå hiphop- og skate-kulturen for å nå ut til målgruppa med skorne dei sel?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon