Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Kusama: Infinity

Ho er kjend for dei leikne kunstverka sine med store prikkar i sterke fargar. I denne dokumentarfilmen blir vi betre kjende med livet og kunsten til den japanske kunstnaren Yayoi Kusama.

Om filmen

Kusama: Infinity er ein dokumentarfilm laga av filmskaparen Heather Lenz. Filmen handlar om kunstnaren Yayoi Kusama, som er kjend over heile verda for kunstverka sine som er prega av prikkar i alle fargar.

Filmen gir oss eit tilbakeblikk på Kusamas liv og viser korleis ho i ei årrekkje kjempa for å få anerkjenning i kunstverda, samtidig som ho streva med alvorleg psykisk sjukdom.

Frå Japan til New York

Kusama vart fødd i 1929 og voks opp i Matsumoto, Japan. Frå ho var eit lite barn, var den største draumen hennar å bli kunstnar. Ho byrja å lage kunst allereie i tiårsalderen.

På denne tida var Japan eit konservativt og mannsdominert samfunn. Ingen var interesserte i arbeida hennar, og kunsten hennar vart fullstendig oversett. For å ha betre føresetnader for å lykkast som kunstnar valde Kusama å flytte til New York.

Karriere

Livet som kvinneleg kunstnar i New York på 60-talet var krevjande. Kusama kjempa hardt for å få lov å stille ut verka sine, og ho opplevde fleire gonger at idéane hennar vart stolne av meir anerkjende, mannlege kunstnarar.

Utover på 60-talet vart kunstuttrykket hennar meir radikalt og prega av skandalar. Ho fekk etter kvart eit dårleg rykte, og i 1973 bestemde ho seg for å reise tilbake til Japan.

På 70- og 80-talet var namnet Yayoi Kusama heilt gløymt i kunstverda. Dette skulle likevel endre seg etter at ho i 1993 vart vald ut til å representere Japan på Veneziabiennalen.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon